Hellbillies kjem til Utkant

KULTUR: Utkantfestivalen har sleppt sine første to artistar.

TIL UTKANT: Mange har ønska seg Hellbillies til Utkantfestivalen. Neste sommar kjem dei til Skjerjehamn.

TIL UTKANT: Mange har ønska seg Hellbillies til Utkantfestivalen. Neste sommar kjem dei til Skjerjehamn. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Hellbillies og Sigrid Raabe er Gulen-festivalen sine første artistar for 2017.

Festivalsjef Viggo Randal er veldig nøgd med å endeleg kunne sleppe dei første namna til neste års Utkantfestival siste helg i juli.

– Med desse to namna syner vi allereie no spennet i programmet. Her er det ytterpunkta med veldig etablerte Hellbillies til nye, spanande Sigrid Raabe, seier Randal i ei pressemelding.

Om Raabe seier festivalsjefen følgjande:

– Sigrid tok alle med storm under sin konsert under Vill Vill Vest og er garantert ein snakkis neste sommar.

Å få Hellbillies til Skjerjehamn er noko dei har hatt eit ønskje om lenge.

– Hellbillies er nok eit av dei banda vårt publikum har ønska seg lengst, og det er difor veldig kjekt å kunne innfri det ønsket. Dei posisjonerar seg nok ein gang som eit knallsterkt band med den siste plata som kom ut i år, seier festivalsjef Viggo Randal.

Artikkeltags