(Bergensavisen / Nordhordland):
Klokka 12:52 fredag vart naudetatane varsla om ei speedgliderulykke i Loen i Stryn.
Samtlege naudetatar rykte ut, i tillegg til redningshelikopter. Ein mann vart lokalisert i eit vanskeleg terreng på om lag 650 meters høgde. Speedglidaren vart henta ut av terrenget av redningshelikopter. Han vart seinare stadfesta omkommen av legen i redningshelikopteret.
I ei pressemelding fredag kveld skriv politiet at den omkomne er 35 år gamle Arne-Christian Eide frå Alver kommune.
Politiet går ut med informasjonen i samråd med dei pårørande og etter deira ønskje.
– Eit stort forbilde
Eide var medlem i luftsportklubbar både i Bergen og på Voss.
– Det var med stor sorg eg fekk høyre at han var omkommen, seier leiar i Bergen hanggliding- og paraglidingklubb Terje Hopen til BA.
Han kjende Eide godt gjennom klubben, der 35-åringen tidlegare sat i styret.
– Arne-Christian var ein røynd og dyktig pilot og instruktør. Han var eit stort forbilde for mange i klubben, og ein god bidragsytar. Dette er eit stort tap for klubben og speedglidarmiljøet, seier Hopen, og legg til:
– Våre tankar går til alle som stod han nær.
I 2021 laga Nordhordland ein reportasje om luftsportinteressa til Eide. Der fortalde han om samhaldet, naturopplevingane og kvifor han valde å oppsøke det ekstreme.
– Det å utfordre eigen frykt og overvinne høgdeskrekken er faktisk ein av motivasjonsfaktorane for å drive med dette, sa han til lokalavisa.
– Spinn på skjermen
Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt fortel at det var fleire andre til stades då ulukka fann stad.
– Då han ikkje landa på den avtalte staden, varsla dei politiet, fortel han.
Politiet opplyser til NRK at vitne observerte at mannen hadde ein vanskeleg «take off».
– Personen fekk spinn på skjermen, og så forsvann han ut av syne, seier dagleg leiar for Loen Skylift Richard Grov, som raskt fekk vite om ulukka, til NRK.
Årsaka til ulukka er ukjend, og saka vil bli etterforska av det lokale politiet, som vil forsøke å klarlegge dette.
Kriseteamet i kommunen er kopla på for å hjelpe dei som var til stades.
– Heilt tragisk
Trond Nilsen er fagsjef for hang- og paragliding i Norges Luftsportforbund. Han kjende sjølv Eide gjennom luftsportmiljøet.
– Eg er ansvarleg for alle medlemmane våre, og det går alltid sterkt inn på meg når slikt skjer, uansett kven det er. Men det er klart at det kjem nærmare når det er folk ein har møtt mange gongar, seier Nilsen til BA.
Han opplyser at luftsportsforbundet har vore forskåna for fatale ulukker i to og eit halvt år.
– Vi hadde håpa at det skulle vare lenger. All luftsport er forbunde med ein viss risiko, som ein gjer sitt beste for å halde så låg som mogeleg. Dei fleste av oss synst at gevinsten opphever risikoen, seier Nilsen, og heldt fram:
– Det er mogeleg å gjere dette trygt. Vi har utøvarar som har halde på i over 40 år. Men når noko slikt som dette skjer, så er det berre heilt tragisk.