Onsdag vart det nemleg kjent at ho og artist Stian «Staysman» Thorbjørnsen er nytt programleiarpar for Melodi Grand Prix.

I sommar var Engebø programleiar for VG-lista på Rådhusplassen, og i midten av oktober er ho ein av fire som skal leie P3-aksjonen.

«Staysman» gler seg til å samarbeide med P3-profilen.

– No som eg byrjar å bli litt kjend med Arian, og eg ser og høyrer kor proff og ikkje minst engasjert ho er, får eg litt kvilepuls, seier han til VG.

Engebø er sikker på at dei blir ein god duo.

– Han har eit stort musikkhjarte og er ein god formidlar, seier ho.

Første MGP-sending i 2023 blir 14. januar.