Gå til sidens hovedinnhold

Arian Engebø blir programleiar under P3aksjonen

Martin Lepperød, Adelina Ibushi, Henrik Farley og Arian Engebø tar deg gjennom 100 timar galskap, også kjent som P3aksjonen.

20. til 24. oktober er det nok ein gang klart for «P3aksjonen» frå Solsiden i Trondheim. Det skriv NRK i ei pressemelding.

«P3morgen» sin Adelina Ibishi og Martin Lepperød returnerer som programleiarar, og med seg får dei debutantane Arian Engebø frå «StudioP3» og Henrik Farley frå «Karakter».

– Som å hoppe frå timeteren

– Det er same kjensle som å stå på timeteren og vite at – på eitt eller anna tidspunkt – så er det nokon som dyttar deg utanfor. Men det kan vere om 4 timar eller om 20 minutt.

Slik skildrar Martin Lepperød kjensla av å leie det hundre timar lange radioprogrammet.

Kvart år får programleiarane dryge, kleine og uføreseielege utfordringar.

Martin er spesielt spent på korleis bestekompis Henrik Farley kjem til å takle dei hundre timane i glasburet.

– Eg kjenner at eg kan takle det meste så lenge eg er førebudd på det, men no veit eg ingenting om kva som skal skje, og det stressar meg veldig, seier Farley.

– Tar selfiar før programmet

Det er også knytt stor spenning til årets andre debutant, Arian Engebø.

– Eg trur aksjonen kan få fram ei meir ko-ko side av Arian. Det er det dei hundre timane i glasburet gjer med folk, seier Adelina Ibishi.

Ho er årets mest erfarne programleiar. Tidlegare år har ho blant anna spist taco på ein rib i fart og blitt forvandla til Donald Trump og Lisbeth Salander. Det er fast tradisjon under «P3aksjonen» at programleiarane blir gjort om til diverse karakterar og kjendisar.

– Før programmet pleier eg å ta nokre selfiar medan eg framleis føler meg pen. Det har blitt ein del av livet at på hausten blir eg litt stygg, fortel Ibishi.

Tradisjon tru blir det ei sending med masse fjas, livemusikk og gøyale gjester.

Kamara, Kjartan Lauritzen og Ulrikke Brandstorp er blant artistane som kjem innom. Stand-up komikar og «4.etg»-profil Karsten Blomvik kjem også.

«Barn, ikkje brud»

I år går pengane frå «P3aksjonen» til Plan Norge og deira arbeid for å overvinne barneekteskap i Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.

Arian Engebø føler seg privilegert som får lov til å ha det gøy, samtidig som ein bidrar med noko som er veldig viktig.

– Dersom ein klarer å motarbeide barneekteskap, så har det så mange andre positive effektar. Det heile handlar om at kvinner blir meir delaktig i samfunnet og får gå lenger på skulen. Det vil hjelpe fleire barn ut av fattigdom, seier ho.

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort et stad i verda. Med pengane frå TV-aksjonen og P3aksjonen skal Plan jobbe for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettar og i likestilling, og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta bort.

Kari Helene Partapuoli, leiar i Plan Norge, er takknemleg for P3-aksjonen.

– Vi er skikkeleg stolte over at P3-aksjonen dedikerer 100 timar til kampen mot barneekteskap! Det er jo med litt skrekkblanda fryd eg gleder meg til å sjå kva dei finn på, men ein ting er sikkert – bidraget frå P3-aksjonen er uvurderleg!

Kommentarer til denne saken