Årets Skåla Opp er avlyst: – Vi er skuffa, men støttar myndigheitene

MÅ AVLYSE: Det blir ikkje motbakkeløp til Skålatåret i 2020.

MÅ AVLYSE: Det blir ikkje motbakkeløp til Skålatåret i 2020. Foto:

DEL

Ettersom det ikkje er tillete å ha store idrettsarrangment før 1. september, har arrangørane bak Skåla Opp valt å avlyse årets motbakkeløp.

– Vi er sjølvsagt skuffa over å ikkje få lov til å arrangere årets motbakkefest i Loen, men samstundes har vi full forståing for og støttar avgjerda til myndigheitene, seier Erik Brendefur i ei pressemelding.

Om du har meldt deg på årets arrangement, vil du automatisk vere påmeld til neste år, opplyser arrangørane.

– Vi vil ta kontakt med kvar enkelt for nærare detaljar.

Neste Skåla Opp blir då 14. august 2021.

Artikkeltags