Set opp båtrute forbi rasstaden frå måndag

STENGT: Fv. 53 blir ikkje opna før tidlegast på torsdag. No set Fylkeskommunen opp båttransport til Årdalstangen frå måndag morgon.

STENGT: Fv. 53 blir ikkje opna før tidlegast på torsdag. No set Fylkeskommunen opp båttransport til Årdalstangen frå måndag morgon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ÅRDAL: Rutetidene er enno ikkje klare, og heller ikkje på- og avstigningsplass. Dette vil komme i løpet av søndagen.

DEL

Fylkeskommunen set no opp båttransport til Årdalstangen frå måndag morgon.

Dette skjer grunna at fylkesveg 53 mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen, på strekninga Fodnes–Årdal, har vore stengt sidan torsdag. Eit større steinras gjekk ved portalen på Finnsåstunnelen, og vegen har vore stengt sidan.

Blir tidlegast opna torsdag

Tidlegare på laurdag vart det meldt frå Statens vegvesen at vegen tidlegast blir opna torsdag. Då vart det også meldt at omkøyringsvegen over Tyin har kolonnekøyring, og er stengingstruga grunna fare for uvêr.

Skal ta vare på pendlarar

Båtruta blir sett opp for å ta i vare transport for pendlarar og skuleelevar.

Rutetidene er enno ikkje klare, og heller ikkje på- og avstigingsplass. Dette vil derimot bli klart i løpet av søndagen.

Alle bussruter innstilte

Vegen er stengt for trafikk og alle bussruter forbi rasområdet er innstilte.

Oversikt over bussrutene til og frå Årdal kan ein finne på kringom.no.

Helse Førde aukar beredskapen

Helse Førde melder søndag morgon at dei har auka den akuttmedisinske beredskapen i Indre Sogn i samband med rasstenginga. Frå laurdag kveld har det lege båt i beredskap på Årdalstangen. Saman med lokal ambulanse i Årdal vil dette sikre transport ut av kommunen dersom det skulle bli nødvendig.

Ambulansetenesta i Lærdal er styrka og har to bilar i døgnberedskap.

–  Styrkinga er gjort for å sikre forsvarlege responstider for innbyggjarane sidan reisetida til sjukehus blir lengre som følgje av vegstenginga. Løysinga vert vidareført så lenge vegen mellom Årdal og Fodnes er stengd, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Artikkeltags