Ras ved Finnsåstunnelen – ein bil er treft

ÅRDAL: Fv. 53 mellom Fodnes og Årdalstangen er stengt grunna steinras.

DEL

Det melde Vegtrafikksentralen like før klokka 23.00.

Raset har gått på vestsida av tunnelen. Ein bil er treft og har fått materielle skadar, opplyser politiet.

Vegen er stengd.

– Det var føraren av bilen som melde frå til oss. Då han kom køyrande rasa det fleire steinar som trefte bilen. Mannen er uskadd, men bilen er ikkje køyrbar, opplyser operasjonsleiar Lars Geitle til Firda like før klokka 23.30.

Eine sida på bilen har fått store skadar, og eit hjul er punktert.

Raset dekker ikkje heile vegen, men området er ikkje vurdert som sikkert.

Difor har ein vurdert det slik at vegen må stengast og at bilen ikkje kan hentast enno.

– Det buldrar i fjellsida, så vegen blir stengt til området er vurdert som trygt, seier Geitle.

Andre saker om Finnsåstunnelen:

Saker frå helga:

Artikkeltags