No er Årdal totalt isolerte frå omverda

FRAMLEIS STENGT: Raset ved portalen på Finnsåstunnelen stenger framleis fv. 53 i Årdal. No er også omkøyringsvegen Tyin - Årdal stengt.

FRAMLEIS STENGT: Raset ved portalen på Finnsåstunnelen stenger framleis fv. 53 i Årdal. No er også omkøyringsvegen Tyin - Årdal stengt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag gjekk eit stort ras som sperra fylkesveg 53 til Årdal. No er også Tyin - Årdal stengt på grunn av uvêr.

DEL

– Vi er jo ikkje glade for å bli isolerte. Det er ikkje noko god kjensle. Vi håpar det går fort over, seier Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal kommune.

Fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal, har vore stengt sidan eit større steinras gjekk ved portalen på Finnsåstunnelen, mot Fodnes torsdag. Søndag klokka 12.35 blei også omkøyringsvegen Tyin–Årdal stengd på grunn av uvêr.

– Det er heilt grufullt her oppe. Vi finn ikkje vegen sjølv, og det skal bli verre og verre utover dagen. Eg vil ikkje risikere at det står ein heil dunge med bilar her. Vi lyt berre kutte ut, vi kjem ikkje fram med brøytebilane ein gong, seier brøytebilsjåfør Olav Birger Hæreid til Sogn Avis søndag.

Tyin - Årdal er stengt søndag. Slik ser det ut ved Tyin hotell klokka 13.41.

Tyin - Årdal er stengt søndag. Slik ser det ut ved Tyin hotell klokka 13.41. Foto:

Har ambulansebåt på Årdalstangen

Søndag melde Helse Førde at dei har auka den akuttmedisinske beredskapen i Indre Sogn. Frå laurdag kveld har det lege båt i beredskap på Årdalstangen. Saman med lokal ambulanse i Årdal vil dette sikre transport ut av kommunen dersom det skulle bli nødvendig. Ambulansetenesta i Lærdal er styrka og har to bilar i døgnberedskap.

– Styrkinga er gjort for å sikre forsvarlege responstider for innbyggarane sidan reisetida til sjukehus blir lengre som følge av vegstenginga. Løysinga vert vidareført så lenge vegen mellom Årdal og Fodnes er stengd, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Set opp båtrute

Frå måndag morgon blir det sett opp båtrute forbi rasstaden.

– Vi jobbar med å få på plass båt til persontrafikk mellom Årdalstangen og Fodnes. Det er mykje pendlarar inn til kommunen som jobbar på Norsun og Hydro og forskjellige bedrifter. Totalt er det rundt 400, men om det er kvar dag veit eg ikkje. I tillegg er det ein del som pendlar ut. Så vi håpar båten skal hjelpe på for arbeidsfolk og skuleelvar, seier ordførar Lægreid.

– Vil båten klare å ta unna alle?

– Det får vi sjå etter korleis trykket blir. Det blir ein båt kvar time. Planen no er at den begynner å gå i 06.30-tida. Båtruta kjem i løpet av dagen.

Båtruta starta klokka 06.35 og går kvar time. Her er heile rutetabellen.

Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal.

Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal. Foto:

Klokka 14 skal ordføraren, rådmann, politi og helsevesen møtast for å få status på utfordringar i isoleringa, opplyser Lægreid.

– Det har snødd ein del dei par tre siste timane, og no nærmar det seg null på gradestokken. Her i Årdal sentrum bles det ikkje. Vi håpar dette går fort over, at det er over i løpet av natta, seier ordføraren.

Artikkeltags