Alle dei tre hovudaktørane i saka er nordmenn, men skal ikkje vere i direkte samarbeid. Dei er avhøyrde og har tilstått å ha selt sigarettar og anna tobakk, brennevin og øl, melder Porten.no. I alt er 23 personar involverte, dei tjue andre personane er kjøparar.

Smuglarvarene kjem med båt, vogntog og turbussar utanfrå, opplyser regionlensmann Arne Johannesen til Porten.no. Avgiftene på varene som er selde svart dei siste fire til fem åra, ville venteleg ha gjeve mellom to til tre millionar kroner, skriv nettstaden.

Saka er ikkje over

Politiet held framleis på å gå gjennom mobiltelefonar, og finn stadig fleire namn. Grunnen til at dei no går ut med dei førebelse resultata frå etterforskinga, er at mange allereie har fått vite om politiarbeidet.

Regionlensmannen seier til Porten.no, at smuglinga er kriminell. Det inneber at kjøparar vil få bøter, medan seljarane truleg vil få strengare straffereaksjonar. Han poengterer også at kjøparane ikkje kan vite kva dei får i seg, når dei kjøper på den svarte marknaden.

Denne marknaden, konsentrert i Årdal og Lærdal, satsar no politiet på å stenge.