Klokka 12.47 melde Vegtrafikksentralen Vest om ei arbeidsulykke ved Nakkeneset i Kinn kommune.

Som følge av arbeiduhellet vart fv. 5715 Oppedalsvegen mellom Våge og Måløy stengt. Naudetatane vart sendt til staden, melder Vegtrafikksentralen.

Klokka 16.45 vart vegen opna att for fri ferdsel.

Seinare vart det meldt av Vest politidistrikt av personen som var involvert i arbeidsuhellet hadde omkomme.

Dette var ein mann i 60-åra, og han vart erklært død på staden etter forsøk på livreddande arbeid.