Arbeidstilsynet: Éin av tre bedrifter braut smittevernreglane

Av

Arbeidstilsynet fann brot på smittevernreglane ved kvar tredje bedrift som vart kontrollert. Aller verst var situasjonen ved overnattings- og serveringsstadene.

DEL

Dei fleste brota dreier seg om manglande kartlegging og risikovurdering av smittefare. Tre gonger dei siste to månadene har Arbeidstilsynet sett seg nøydd til å bruke den kraftigaste straffereaksjonen – stans i verksemda på grunn av overhengande fare for livet og helsa til dei tilsette, opplyser direktør Trude Vollheim til NTB.

Arbeidstilsynet har gitt fleire reaksjonar i form av pålegg om utbetring av manglane som er avdekte ved verksemda. I fire tilsyn er det vedteke tvangsmulkt som pressmiddel.

– Vi opplever at mange arbeidsgivarar er opptekne av smittevern, og at fleire brot kjem av manglande forståing av eller kjennskap til regelverket. Derfor håpar vi tilsyna våre, der vi både kontrollerer og rettleier, kan vere eit nyttig bidrag for å få ned smittetrykket, seier Vollheim.

Arbeidstilsynet har kontrollert smittevern i drygt 500 tilsyn. I 34 prosent av tilsyna er det avdekt minst eitt brot på reglane om smittevern.

– Det er i utgangspunktet ganske alvorleg når vi avdekkjer brot i 34 prosent av tilsyna våre, seier Vollheim.

– Omfanget er alvorleg

I 31 prosent av tilsyna hadde ikkje verksemda kartlagt og risikovurdert faren for spreiing av koronaviruset. I 24 prosent hadde ikkje verksemda utarbeidd tilstrekkelege planar for eller sett i verk tiltak for å fjerne eller redusere risiko for smittespreiing.

Vollheim poengterer at i mange tilfelle er det gode rutinar for smittevern overfor kundar, men manglande tiltak for å verne eigne tilsette mot koronasmitte – til dømes i eterommet til dei tilsette og andre sosiale soner.

Overnattings- og serveringsbransjen har størst del verksemder der det er avdekt brot på smittevernreglane – med 54 prosent, medan varehandelen følgjer på ein andreplass. Her vart det avdekt minst eitt smittevernbrot ved 45 prosent av tilsyna.

– Det er heilt avgjerande at koronareglane blir følgde for å få ned smitten. I tida framover kjem derfor Arbeidstilsynet til å prioritere tilsyn i bransjar og yrkesgrupper med høg smitterisiko. Dette gjeld til dømes fiske- og verftsindustrien og andre bransjar med mange utanlandske arbeidstakarar, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NTB.

Trappar opp kontrollane

Vollheim understrekar at tilsynet ikkje har gjennomgått tala for å undersøkje om verksemder med større grad av utanlandske arbeidstakarar er overrepresenterte blant verksemdene som bryt smittevernreglane. Men i verksemder innan bygge- og anleggsbransjen, der det ofte er høgare grad av utanlandsk arbeidskraft, vart det avdekt brot ved rundt kvar fjerde bedrift – høvesvis 27 og 25 prosent.

– Det er klart at arbeidsinnvandring er ei risikokjelde som vi følgjer med på, seier ho og poengterer at tilsynet òg har gjennomført rundt hundre kontrollar med innkvartering av utanlandske arbeidstakarar. I 38 prosent av tilsyna vart det avdekt brot på smittevernreglane.

Arbeidstilsynet vil no intensivere tilsynsverksemda med norske verksemder. I januar og februar skal tilsynet gjennomføre over 1.500 tilsyn.

– Arbeidsgivarane har ansvar for at krava om smittevern på arbeidsplassane blir tekne vare på, og at tilreisande arbeidstakarar blir innkvarterte på ein forsvarleg måte, understrekar Røe Isaksen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken