Arbeidsløysa aukar svakt

– Auken i arbeidsløysa er mindre enn vi hadde rekna med i prognosen vår og tilgangen av nye ledige er lågare no enn for eitt år sidan. Det tydar på at arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane fungerer bra, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Auken i arbeidsløysa er mindre enn vi hadde rekna med i prognosen vår og tilgangen av nye ledige er lågare no enn for eitt år sidan. Det tydar på at arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane fungerer bra, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I mars har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane auka med 71 personar, samanlikna med mars i fjor. Dette svarar til ein auke på seks prosent.

DEL

– Auken kan forklårast med fleire permitterte og færre personar i arbeidsmarknadstiltak enn på same tid i fjor, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.

– Auken i arbeidsløysa er mindre enn vi hadde rekna med i prognosen vår og tilgangen av nye ledige er lågare no enn for eitt år sidan. Det tydar på at arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane fungerer bra, seier Thorsnes.

Ved utgangen av mars er det 1317 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette svarar til 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Berre Oppland og Troms, begge med 2,2 prosent, har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 8323 personar (10 prosent) frå mars i fjor. Det er no  89334 heilt ledige, tilsvarande 3,3 prosent av arbeidsstyrken. Vestlandsfylka, med unnatak av Sogn og Fjordane, og Agder-fylka står for det meste av auken.

Store forskjellar mellom kommunane

Elleve kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i mars. Størst reduksjon har Vågsøy med 52 færre ledige enn på same tid i fjor. Reduksjonen her har kome innan industrien og byggje- og anleggssektoren. Lågast arbeidsløyse finn vi i Leikanger med 0,9 prosent og Balestrand med 1,1 prosent. Bremanger med 5,0 prosent og Hyllestad med 4,4 prosent, har høgast arbeidsløyse.

Ingen auke i industrien

Talet på heilt ledige industriarbeidarar er det same som i mars i fjor. Innan ingeniør- og ikt-fag er det ein auke på 23 personar, mens reiseliv og transport har ein auke på 22 (det meste av dette er kokkar og sjøfolk i tilknyting til oljeindustrien). 

I mars er det 243 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 31 fleire enn i same månad i fjor. 130 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 102 frå fiskeindustri, mens 58 kjem frå bygg og anlegg.

Positivt for ungdom

Auken i arbeidsløysa er størst blant menn over 40 år. Ungdom, og særleg unge kvinner, har ei positiv utvikling. Siden mars i fjor har det blitt 15 færre ledige kvinner under 24 år. Dette skuldast at auken har vore størst innan mannsdominerte yrke innan industri og transport. Det er dobbelt så mange ledige menn (867) som kvinner (450) i fylket.

Artikkeltags