Sogn og Fjordane best i landet. Lågaste arbeidsløysa på ti år

Artikkelen er over 2 år gammel

I januar i år var det 987 arbeidsledige i Sogn og Fjordane. Det er det lågaste talet sidan 2008. Størst reduksjon i arbeidsløysa finn ein i arbeidarbastionane Høyanger og Årdal.

DEL

I januar var det 94 færre arbeidsledige, enn på same tid i fjor.

– Vi må tilbake til 2008 for å finne eit lågare tal i januar, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV i fylket, i ei pressemelding.

Delt førsteplass

Talet på landsbasis er 2,6 prosent. Med 1,7 prosent har Sogn og Fjordane den lågaste arbeidsløysa i landet, på delt førsteplass med Troms.

Den lågaste arbeidsløysa i fylket, finn ein i Gloppen og Gaular, med 0,9 prosent. Høyanger og Årdal har størst nedgang i arbeidsløyse, med høvesvis 18 og 19 færre ledige enn på same tid i fjor.

På den andre sida av skalaen finn ein Hyllestad. Med 3,7 har kommunen den høgaste arbeidsløysa i Sogn og Fjordane.

Fleire nye stillingar

I januar blei det registrert 1026 nye ledige stillingar. Det er ein auke på 43 prosent frå januar i fjor. Auken er størst innan ingeniør- og IKT-fag, og reiseliv/transport. Totalt er det flest nye stillingar innan helse, pleie og omsorg, reiseliv og transport.

– Sjølv om mange av dei nye stillingane, særleg i helsesektoren, gjeld sommarjobbar, er dette svært positive tal som er teikn på auka aktivitet, seier Thorsnes.

Artikkeltags