Arbeidsmarknaden i fylket skil seg markant frå resten av landet

Artikkelen er over 5 år gammel

Framleis berre svakt negativ utvikling i arbeidsløysa i Sogn og Fjordane.

DEL

Utviklinga på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er framleis berre svakt negativ og skil seg markant frå nabofylka og resten av landet. Det kjem fram i ei pressemelding frå NAV Sogn og Fjordane.

Veksten på landsnivå skuldast i all hovudsak den negative utviklinga innan oljerelatert verksemd som særleg har ramma Rogaland og Vest-Agder. Rogaland har 3019 fleire ledige enn på same tid i fjor, noko som er ein auke på heile 59 prosent.

– Vi ser vi framleis ikkje teikn til slike problem i vårt fylke. Vi har tvert om ein liten reduksjon i tal ledige innan industri samla sett,  fortel Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane. 

På landsnivå er det 81 569 heilt ledige i april, tilsvarande 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på 9 prosent frå april i fjor. 

I Sogn og Fjordane er 1251 personar heilt utan arbeid. Dette svarar til 2,2 prosent av arbeidstyrken og er lågast i landet. Frå april i fjor har arbeidsløysa auka med 48 personar, tilsvarande 4 prosent.

Størst auke i Flora

Over halvparten av kommunane har ein auke i arbeidsløysa i april. Størst auke har Flora med 55 fleire ledige enn på same tid i fjor. Selje og Årdal, med høvesvis 23 og 21 færre ledige, har størst reduksjon i arbeidsløysa.

Hornindal og Gloppen, begge med 0,9 prosent, har den lågaste arbeidsløysa i fylket. På den andre sida av skalaen finn vi Vågsøy med 5,2 prosent og Selje med 4,6 prosent.

Størst auke innan bygg og anlegg

Bygg og anlegg og kontorarbeid har størst auke i arbeidsløysa. Her er det høvesvis 42 og 26 fleire ledige enn i april i fjor.

Industriarbeid har størst nedgang i arbeidsløysa. Her er det 15 færre ledige enn på same tid i fjor.

– Vi får likevel meldingar frå einskildbedrifter om vanskar som følgje av situasjonen innan oljesektoren, så vi må bu oss på permitteringar og oppseiingar også i vårt fylke, seier Thorsnes.

Serviceyrke og barne- og ungdomsarbeid har ein nedgang på høvesvis 11 og 10 personar.

I april var det 206 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 9 færre enn i same månad i fjor. Heile124 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, 51 færre enn i fjor.

Størst auke blant etnisk norske

Innvandrar frå ikkje-vestlege land har ein auke i arbeidsløysa på fem prosent frå april i fjor, mens innvandrar frå vestlege land har ein reduksjon på seks prosent. Etnisk norske har ein auke på sju prosent.

Færre langtidsledige

Av dei 1251 heilt ledige, har 535 søkt arbeid i over eit halvt år. Talet på langtidsarbeidssøkjarar er redusert med 80 personar, tilsvarande 13 prosent, frå april i fjor. 

– Vi er glade for at vi har ressursar til å ha mange personar i tiltak. Dette slår positivt ut for dei langtidsledige, seier Thorsnes.

I alt 462 nye stillingar vart registrert i april, ein reduksjon på fem prosent frå april i fjor. Reduksjonen er størst innan bygg og anlegg.

Artikkeltags