– I eit fylke med stor del sysselsette innan landbruk, fiske, industri og bygg- og anlegg, er det både motstraums og imponerande at vi toppar statistikken om å stå lengst i arbeid, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Fleire forklaringar på utviklinga

Då folketrygda vart innført i 1967, stod det 3.5 sysselsette bak kvar pensjonist eller uføretrygda. I dag er dette talet redusert til 2.3 og alle framskrivingar syner at dette vil falle ytterlegare. På landsnivå ser NAV at betre helse, lenger levealder, høgare utdanningsnivå og fleksibel pensjonsordning er ei god forklaring på utviklinga. Dette gjeld også for Sogn og Fjordane.

– Det er ein klar samanheng mellom høgt utdanningsnivå og høg del sysselsette innan avansert tenesteyting/frie yrke og kor lenge ein står i jobb. Vi har ikkje mange sysselsette i desse næringane. Ut frå næringsstruktur og utdanningsnivå, har fylket eit monaleg handikapp i denne «konkurransen», skriv NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

– Vedvarande mangel på arbeidskraft er nok ein viktig faktor som gjer at bedriftene ønskjer å behalde gode arbeidstakarar lengst mogleg og er flinke til å leggje til rette, seier Thorsnes.

Svært låg arbeidsløyse

Denne statistikken er ein del av eit bilde på Sogn og Fjordane, der fylket også scorar godt innan arbeidslivsstatistikken på alle område: Høg yrkesdeltaking, lågt sjukefråvær og relativt færre på uføretrygd. 

Ved utgangen av desember var det 879 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Med ei arbeidsløyse på 1,5 prosent har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.

– Sogn og Fjordane går inn i det nye året med svært låg arbeidsløyse. Høg aktivitet innan fiskeria, bygg, anlegg og industri er mykje av årsaka til dette. Prognosane våre for 2019 syner at den positive utviklinga truleg vil halde fram i 2019, fortel Tore Thorsnes.

Dei fleste kommunane har ei arbeidsløyse på under 2,0 prosent. Aller lågast er Hornindal. Deretter kjem Luster med 0,7 prosent, medan Vågsøy har høgast arbeidsløyse med 2,4 prosent.

Mest ned i industrien

Sjølv med den nye registreringsløysinga, har arbeidsløysa gått mykje ned i industrien. Her er det no 156 heilt ledige.

– Mykje av årsaka er at det for tida er få permitterte, seier Thorsnes.

I desember var det 71 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. Av dei 28 i fiskeindustrien.

Nye ledige stillingar

Det vart registrert 520 nye ledige stillingar i desember, ein auke på 25 prosent frå desember i fjor. Auken er størst innan ingeniør- og ikt-fag og helse, pleie og omsorg. Det er flest nye ledige stillingar innan industriarbeid. Mesteparten av desse stillingane er sommarvikarar til Hydro i Høyanger og Årdal. Det er også mange ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan ingeniør- og ikt-fag.

KommunarArbeidsledigeProsent av arbeidsstyrken
I alt 8791,5
Flora1372,2
Solund41
Hyllestad101,4
Askvoll191,3
Fjaler151,1
Gaular140,9
Jølster221,3
Førde951,3
Naustdal171,1
Gloppen851,2
Høyanger321,6