Kravde 950 millionar, tilbydt 90

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Det er eit hav mellom staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret, og kravet bøndene stilte forut.

I dag kom nemleg tilbodet frå staten. Det er på 90 millionar medan bondeorganisasjonen kravde 950 millionar.

Tilbodet frå landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) vil ifølgje NTB gi bøndene ein lønnsvekst neste år på 1,75 prosent.

Kravet frå bøndene vill gitt sju prosent.

Vinnarar

Landbruksdepartementet meinar bøndene har vore blant vinnarane dei to føregåande åra. Dei hadde ein lønnsvekst på 7,2 prosent i fjor, og skal få ein vekst på 8,7 inneverande år.

– Årets oppgjer er prega av moderasjon. Staten sitt tilbod til bøndene må sjåast på bakgrunn av at inntekstveksten i jordburket har vore klart sterkare enn for andre grupper dei siste to åra, seier staten sin forhandlingsleiar, Leif Forsell.

Slaktar tilbodet

Medan staten manar til moderasjon, er tonen ein annen frå bondeorganisasjonen.

– Tilbodet svarer ikkje til landebruket sitt krav om auka inntektsmoglegheiter for å auke norsk matproduksjon. Det er særs urovekkjande at regjeringa ikkje tek Stortingets krav om meir mat på norsk jord på alvor, seier Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

I tilbodet er det planlagt å hente inn 190 millionar i form av auka pris på maten. Dette vil svare til kring 80 kroner per husstand. Tilbodet inneber også at staten si direkte overføring av pengar vert redusert med 110 millionar, til 14,3 milliardar kroner.

Det er også eit ønskje om å komme ned til mellom 7 og 9 produksjonsregionar, mot dagens fylkesgrense.

I fjor enda oppgjeret på 400 millionar, då var staten sitt første tilbod på 150 milliionar. Forhandlingfristen er sett til 15. mai.

Artikkeltags