Gå til sidens hovedinnhold

Arbeidet med Ytre Steinsund bru kan starte opp i 2021

Fylkestinget vedtok onsdag at arbeidet med Ytre Steinsund bru i Solund kan starte opp i 2021.

Arbeidet kan starte opp finansiert med ferjeavløysingsmidlar. Det er klart etter fylkestinget 16. desember.

Finansieringa kom på plass då kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar og utbetalingsperiode for prosjektet i november 2020, skriv Fylkeskommuenen på sine nettsider.

Med klarsignal for oppstart kan prosjektet lysast ut på anbod neste år. Først med bygging av ny fylkesveg før arbeidet med brua tek til.

– Kjekt å gi starttilskot

– Det er ekstra kjekt å kunne gi startskot for dette prosjektet når ein veit kor etterlengta det har vore, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Han omtalar Ytre Steinsund bru som eit stort veg- og bruprosjekt i Vestland fylke, og viktig for øyfolket fylkets vestlegaste kommune.

Med bru over Ytre Steinsund på fylkesveg 606 får innbyggarane eit fast og døgnope samband til kommunesenteret Hardbakke i Solund kommune. Brua erstattar ferjesambandet Daløy-Haldorsneset. I dag er innbyggarane avhengige av to ferjer for å nå fastlandet.

To kontrakter

Sogn og Fjordane fylkeskommune søkte om ferjeavløysingsmidlar for prosjektet i 2017. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette i november 2020 årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar på 21.446.000 kroner (rekna etter 2020-kurs) til prosjektet, over ein utbetalingsperiode på 22 år.

Sjølve anbodsarbeidet tek no til på våren 2021. Samstundes skal det gjerast ei ekstern kvalitetssikring av dei totale kostnadane for å sikre at prosjektet kan realiserast innanfor kostnadsramma på 775 millionar kroner.

Denne summen som er grunnlaget for dei tildelte ferjeavløysingsmidlane. Om klaitetssikringa går gjennom, kan fylkesutvalet godkjenne byggestarten.

Etter planen skal prosjektet delast i to, ei kontrakt for vegsamband og ei kontrakt på brubygginga. Samla sett reknar ein med tre til fire års byggetid, og prosjektet kan vere ferdig i 2024.

Les også

– No jublar vi alle. Dette betyr meir enn dei fleste forstår

Kommentarer til denne saken