Samstemt Ap-kvartett: – No er målet å bli Sunnfjords største parti

STÅR SAMLA: Arne Sandnes (Jølster), Reidar Fugle Nordhaug (Førde), Sara-Marie Horsevik (Gaular) og Håkon Myrvang (Naustdal).

STÅR SAMLA: Arne Sandnes (Jølster), Reidar Fugle Nordhaug (Førde), Sara-Marie Horsevik (Gaular) og Håkon Myrvang (Naustdal). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SUNNFJORD: Dei avtroppande Ap-leiarane i Førde, Jølster, Naustdal og Gaular var onsdag kveld samstemte om samanslåinga til Sunnfjord Ap. – Vi skal bli det største partiet i den nye kommunen.

DEL

Fire Ap-lag er lagt ned og blei onsdag til Sunnfjord Ap under stiftingsmøtet i Festsalen i Førdehuset. Dei fire avtroppande leiarane fortel om ein samla organisasjon, og at dei fire laga tidleg bestemte seg for å bli eitt partilag.

– Vi har vore klare frå dag ein på at vi er samla. Vi hadde eit felles styremøte i alle fire laga allereie i oktober i 2016, seier Sara-Marie Horsevik, som var leiar av Gaular Ap.

Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal og avtroppande leiar av Naustdal Ap er einig.

– Vi har vore veldig samstemte heile vegen, og har mykje å bygge på no når vi går vidare samla.

Reidar Fugle Nordhaug, som var leiar i Førde Ap, fortel at medlemmene i laget har vore positivt innstilte til samanslåinga.

– Eg har opplevd ei positiv stemning. Vi har hatt ein konstruktiv prosess i laget for korleis vi skal få dette til, seier han.

NYSTIFTA: Stiftingsmøtet for Sunnfjord Ap.

NYSTIFTA: Stiftingsmøtet for Sunnfjord Ap. Foto:

– Meir slagkraftig

Dei fire avtroppande leiarane har tru på at det blir lettare å drive valkamp samla.

– Det blir ein heilt annan måte å drive politikk på. I Gaular har vi har vore ei lita gruppe med aktive medlemmar som har drive valkamp. No til neste kommunevalkamp blir det lettare å nå ut til folk, seier Horsevik.

Dei ser fram til å bygge ein meir slagkraftig partiorganisasjon.

– No blir vi eit større parti i ein ny storkommune. Med så mange medlemmar kjem vi i ein gunstig posisjon, seier Myrvang.

Nordhaug har trua på at Sunnfjord Ap skal kunne gjere det godt ved neste kommuneval.

– Om ein tel med AUF-medlemmene, så er vi no ein organisasjon på 370 medlemmar, og blir partiet sitt senter i fylket. Når vi er så mange, blir det enklare å få fleire medlemmar. Vi får ein enorm valkamporganisasjon, og har trua på at Arbeidarpartiet etter valet blir det største partiet i den nye kommunen, og at vi får ordføraren, seier han.

Utfordringar

Men dei avtroppande leiarane ser også utfordringar for det nye Ap-laget.

– Vi blir eit stort parti i ein stor kommune. Det kan bli utfordrande å få engasjert medlemmane utanfor Førde sentrum. Det blir langt å køyre om møta skal vere her. Her må vi finne løysingar i partiet som gjer at folk er med oss, fortel Arne Sandnes, som leia Jølster Ap.

– Det blir ein ny organisasjon og nye rutinar. Veldig mykje arbeid for dei nye tillitsvalde, men vi har trua på at vi skal få dette til, seier Nordhaug.

Artikkeltags