Gå til sidens hovedinnhold

Aps landsmøte seier nei til full avkriminalisering av narkotika

Arbeidarpartiets landsmøte seier nei til full avkriminalisering av narkotika, men vil avkriminalisere for tunge rusbrukarar.

Det var eit splitta landsmøte som fredag tok stilling til saka.

Voteringa enda med at 188 delegatar stemde for forslaget frå redaksjonskomiteen om nei til full avkriminalisering av bruk og innehav av små brukardosar med narkotika. Utfallet er i tråd med partileiar Jonas Gahr Støres tilråding til landsmøtet.

101 stemde for dissensen frå mindretalet om full avkriminalisering.

Kompromisset betyr at Arbeidarpartiet går inn for å vidareføre straffereaksjonar for bruk og innehav av narkotika, men avkriminalisere for tunge rusavhengige.

Partiet håpar no på forhandlingar i Stortinget om dette.

Rusreform

Regjeringsforslaget til rusreform ligg no til behandling i Stortinget. Eitt av hovudgrepa i reforma er å avkriminalisere bruk og innehav av mindre mengder narkotika.

Dei tre regjeringspartia er heilt avhengige av Aps stemmer for å få fleirtal for reforma. Men Ap har vore sterkt splitta i saka, og det var på førehand knytt stor spenning til kva landsmøtet ville falle ned på.

Støre har halde korta tett inntil brystet i saka. Først fredag formiddag letta han på sløret og kunngjorde at han er mot full avkriminalisering.

– Når narkotika er forboden, så bør det ha ein konsekvens å ha det og skaffe seg det, sa han.

Delt innstilling

Arbeidarpartiets redaksjonskomité jobba i dagevis for å prøve å hamre ut eit kompromiss, men måtte til slutt gi opp og la fredag fram ei delt innstilling til uttale.

I forslaget gjekk fleirtalet går inn for å avkriminalisere bruk og innehav berre for tunge rusavhengige.

Eit mindretal, blant dei tungvektarar som Oslos byrådsleiar Raymond Johansen og ordførar i Bergen Marte Mjøs Persen, gjekk inn for full avkriminalisering.

I voteringa var det innstillinga til fleirtalet som til slutt fekk gjennomslag.

Les også

Vil ha ny reform: – Straff stemplar meir enn det hjelper

Les også

Til helga blir rusreforma avgjort: – Trur vi skal kome fram til eit kompromiss

Les også

Politisjef om rusreform: – Kan auke sosial aksept for narkotika

Kommentarer til denne saken