Gå til sidens hovedinnhold

April blir ein stadig varmare månad

Artikkelen er over 1 år gammel

Gulsvik i Flå kommune sør i Hallingdal hadde den hittil varmaste dagen så langt i år, med 23,5 grader onsdag.

Deretter følgde Drammen (23,2), Konnerud og Gvarv (22,3) og Sigdal (22,2).

På målestasjonen Florida i Bergen var seks av 30 dagar i april i fjor såkalla nordisk sommardag (maksimumstemperatur på minst 20 grader).

April i år har servert eit blokkerande høgtrykk til Sør-Noreg. I Bergen har vi hittil hatt fem dagar med minst 15 grader.

Klimaforskar Reidun Gangstø Skaland ved Meteorologisk institutt har gått gjennom utviklinga av varme vårdagar dei siste 60 åra.

Ho har sett på kvar aprildag i perioden 1961–1990 og perioden 1990–2019 og rekna ut snittet av dagar med maksimumstemperatur over 10 og 15 grader.

– I Bergen har det i gjennomsnitt vorte seks fleire dagar med temperatur over 10 grader, og tre fleire dagar med over 15. Det er altså vesentlege endringar vi ser, seier Skaland.

Tendensen er den same i heile landet: Vårmånaden blir stadig varmare.

– Vi ser at dei varme vårdagane i april aukar i tal over heile fjøla. Dette er akkurat det vi ventar her i Noreg når den globale temperaturen stig, seier klimaforskaren.

(©NPK)

Les også

Jentene nyt ein nesten nordisk sommar. Ny sjanse i morgon, så kjem skyene

Bildeserie

Nora hadde arbeidshelg. – Godt å komme seg ut no

Kommentarer til denne saken