Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I mange år trona Førde i handelstoppen i Norge målt i omsetning pr. innbyggjar. Den tida er forbi av den enkle grunn, etter kommunesamanslåinga, at dette blir rekna ut på kommunebasis.
Førdefolk handlar altså ikkje meir enn andre. Grunnen til at Førde likevel har gjort det så bra er den sentrale lokaliseringa. Mellom 50 000 og 100 00 menneske rekk Førde sentrum på høvesvis 1 og 2 timar. Dette gjer at Førde kan ha handels- og servicetilbod som er mykje større enn eige folketal tilseier. Etableringa av handelspark på Brulandsvellene utfordrar sentrumshandelen, og vil på sikt kunne utarme handelen i sentrum. Dette fenomenet blir ofte kalla kannibalisering.
Folk som bur i Førde sentrum har difor eit stort privilegium som har eit godt utvikla servicetilbod, mange gonger større enn folketalet i heile kommunen skulle tilseie. Dette betyr at Førde, handelen i Førde og mesteparten av det gamle Sogn og Fjordane fungerer i eit symbiotisk tilhøve. Vi er avhengige av kvarandre.
Førde er altså ikkje til berre for dei få som bur i sentrum, men for dei mange som bur i ein stor region som skal kjøpe handels- og servicetenester, arbeide og gå på skule.
Folk som bur utanfor bykjernen og i distrikta rundt brukar til liks med sentrumsbuarane i stor grad privatbil. Folk bur spreidd og skal til Førde til ulike tider.
Det hadde vore ønskeleg med betre kollektivtilbod, men det er nok ikkje marknad for storstilt satsing på kollektivtrafikk, og heller ikkje offentlege midlar til omfattande subsidiering. Noko meir bør ein likevel få til.
Sentrum av Førde må bli sydd saman slik at biltrafikk kan leve i relativ harmoni med gåande, syklande og «el-sparkande». Ein velutvikla byplan må ha eit velutvikla gatenett med plass til så vel bilar som folk til fots og på sykkel. Men Førde sentrum blir delt i to av elva. Då blir bruer over elva ein del av gatenettet. Det kan ikkje vere tilfeldig kvar desse bruene skal byggjast. Dei må byggjast slik at det blir kort veg inn i sentrum, og ut att av sentrum. Då slepp ein slik som i dag, at bilane køyrer fram og tilbake gjennom sentrum. Hugs at 80 % av all trafikk inn mot Førde har Førde som destinasjon. Det blir feil om all innkøyring skal skje frå sør/vest når trafikken inn mot Førde etter omlegging av E 39 kjem frå aust. I Førdepakken er alle tiltaka kombinert med tilbod til gåande og syklande. I plansamanheng elles er det også mogleg å gjere mange tiltak til bilfrie gater og byrom.
I eit opprop frå «Framtidsførde» kjem påstandar om gjennomgangstrafikk i Førde. Dette nærmar seg demagogi. Korleis kan ein kalle det gjennomgangstrafikk med 30 km fartsgrense? I så fall så er jo denne vegen der allereie (Angedalsvegen). Og trafikkmaskin er eit ord som blir brukt om ei bru og eit kryss ved Førdehuset. Kva skal ein då seie om firefelt i Naustdalsvegen og større bru og større rundkøyring ved Førde hotell? I det området der det er mest folk til fots.
Så til bruløysing ved Førdehuset: Ove Farsund sa i kommunestyret nyleg at kunstgrasbana ved Førdehuset ikkje er eit hovudtema, og han ville ha seg fråbeden å bli klistra til den. Dette er oppsiktsvekkjande. Farsund blir vel av dei fleste rekna som faneberaren for området ved Førdehuset generelt og kunstgrasbana spesielt. Hadde det ikkje vore for omsynet til den hadde truleg brua vore på plass allereie.

Reagerer på aksjon mot Førdepakken: – Kva er så gale med gater i ein by?

Har svevestøv noko med helsa vår å gjere?
