Med erfaring nesten 30 år tilbake i Hydro, blir Ann Synnøve Øygard ny fabrikksjef ved Hydros aluminiumsverk i Høyanger. Det skriv selskapet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Øygård overtar rolla etter Arne-Martin Kjærland, som sidan 1. desember har vore fabrikksjef på Hydro Karmøy.

Fungerande fabrikksjef, Jonny Manseth, vil gå inn i rolla som støyperisjef på Hydro Høyanger. I si nye rolle rapporterer Øygård til leiar for primærproduksjon i Hydro, Ola Sæter.