Anleggsmaskin hamna utfor vegen

ULUKKE: Ei anleggsmaskin køyrde utfor vegen og hamna i Nærøyelva i Gudvangen måndag ettermiddag.

ULUKKE: Ei anleggsmaskin køyrde utfor vegen og hamna i Nærøyelva i Gudvangen måndag ettermiddag. Foto:

DEL

Klokka 16.14 måndag ettermiddag fekk politiet melding om at ein lastebil hadde køyrt utfor vegen i Gudvangen på E16.

Køyretøyet stoppa hamna i elva og førar kom seg ut på eigahand.

Alle naudetatane rykte ut, opplyser Vest politidistrikt. Litt over klokka 16.30 var brannvesenet på plass.

– Førar er tatt hand om. Det skal vere ei anleggsmaskin som har køyrt utfor, ikkje ein lastebil som først meldt, opplyser politiet.

Politipatruljen kom like etter.

– Årsaka til ulukka kan vere ei punktering, men det vil nærmare undersøkingar vise. Personen i køyretøyet er bevisst og oppegåande, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen.

Anleggsmaskina står litt vanskeleg til, så det vil nok ta litt tid for å få køyretøyet opp igjen på vegen, seier Knappen.


Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags