Arctic Mineral Resources (AMR) ankar dommen frå Borgarting lagmannsrett i søksmålet mot Nordic Rutile.

AMR og Nordic Rutile har kniva om retten til gruvedrift i Engebøfjellet ved Førdefjorden i Sunnfjord, og i oktober vann Nordic Rutile (NRU) rettssaka i Borgarting lagmannsrett.

No er det klart at AMR ankar dommen til Høgsterett. Selskapet er mellom andre eigd av fleire grunneigarar rundt Engebø, og dei ønskjer å vinne ut granat utan dagbrudd og deponi, skriv NRK.

Gruveprosjektet er omstridd, mellom anna fordi NRU vil deponere 250 millionar tonn overskotsmassar i Førdefjorden. Dei skal etter planen vinne ut minerala rutil og granat.

NRU er eit heileigd dotterselskap av Nordic Mining.

(©NPK)

Les også

– No må fleire framsnakke gruveplanane i Førdefjorden