Dei siste tre åra har Andrine Faleide frå Førde jobba som lærar på Halbrend skule. Men i vår bestemte ho seg for å prøve seg på noko anna: Ho ville flytte til Spania.

– Eg klarte å finne meg ein frivillig jobb på eit hostell i Spania, der eg både kunne jobbe og bu. Det var den eigentlege planen. At eg skulle jobbe der, ta med gjestar ut på sosiale ting og arrangere sosiale arrangement, seier ho.

Men ikkje alt gjekk etter planen.

– Alt var veldig kaos

I midten av juli flytte ho til Spania. Den første veka var ho turist i Barcelona i lag med ei venninne. Så reiste ho til hostellet ho skulle jobbe for.

– Sjefen i selskapet eg skulle jobbe for var bortreist. Så då eg møtte opp på hostellet visste dei ikkje at eg skulle komme. Dei klarte å finne ei ledig seng til meg, men eg måtte byte rom kvar natt. Alt var veldig kaos, og eg visste ikkje kva som ville skje. Eg hadde ingen å vere med, og eg visste ikkje om eg kom til å få jobbe som frivillig og skulle leve på budsjett, eller om eg skulle vere turist og vere mindre sparsam, seier ho.

Etter nokre dagar kom sjefen tilbake, og ting losna litt. Ho fekk seg eit fast rom å bu på i lag med andre som jobba der, og ho fekk seg ein sosial krets på hostellet.

– Men så fekk eg plutseleg beskjed om at det ikkje var bruk for meg på hostellet. Heldigvis var dei snille og lét meg bu der til eg fann ut kva eg skulle gjere.

Vurderte å reise heim

Faleide brukte ei vekes tid på å finne seg ei leilegheit som ho kunne leige ein månad i gongen. På den måten kunne ho kjøpe seg litt tid til å sjå om ho fann noko anna å gjere på i byen.

– Alt vart så kaotisk oppe i hovudet mitt, og ingenting var som eg hadde sett føre meg. Eg vart usikker på om eg klarte å manøvrere meg godt nok i verda eller om eg berre skulle gi opp. På eit tidspunkt sat eg og sjekka flybillettar heim, seier ho.

Heldigvis ordna det seg, og ho fekk seg jobb på kundesenteret til strøymetenesta discovery+.

– Det går for det meste ut på å svare på e-postar og hjelpe kundar med kva enn dei måtte lure på. Det er eit internasjonalt kontor, og alle dei nordiske landa sit saman. Han som sit ved sida av meg er dansk, og ved sida av han ei som er svensk. Det er faktisk ein ganske gøy jobb.

Faleide brukte pandemien på å lære seg spansk på eigehand. Grunnen til at ho i det heile tatt begynte å lære seg spansk var fordi ho mangla eit undervisningsfag for å vere ferdigutdanna lærar. Som lærar må ein ha pedagogikk og tre undervisningsfag, men Faleide hadde berre to undervisningsfag. Ho har alltid vore språkinteressert, så då ho fann ledig plass på vidareutdanning i Spansk for lærarar hausten 2019, var ho kjapp med å melde seg på.

– Denne vidareutdanninga gjorde meg kvalifisert til å undervise i spansk. Det blei altså den perfekte måten for meg å både lære eit nytt språk, og samtidig komme heilt i mål med lærarutdanninga mi.

– No som eg har fått ein litt meir rutinebasert kvardag her har eg endeleg funne meg ein spansktime, som eg møter på kvar veke. I tillegg tar eg diverse danseklassar som også er på spansk. Eg ønsker også å finne litt fleire vennar her som anten snakkar spansk eller som held på å lære det, som eg kan øve i lag med, seier Faleide.

Veit ikkje kor lenge ho blir

Ho bur i lag med to andre jenter, ei frå Frankrike og ei frå Hawaii. Faleide seier at den eine av dei er på omtrent same nivået som ho i spansk.

– Det er eit kjempekjekt kollektiv. Vi er sosiale og inkluderer kvarandre, og vi snakkar veldig mykje spansk heime.

– Kor lenge blir du i Spania?

– Eg har ikkje peiling. Men eg blir i alle fall til jul, det er det eg har planlagt. Eigentleg skulle eg vere i Barcelona i to månadar, og bruke det som eit springbrett til å reise andre stader, men så ser eg at dette er ein by eg likar veldig godt. Det er blant anna eit bra dansemiljø her, som tilbyr undervisning på eit høgt nivå, seier ho.

Faleide seier ho ser føre seg å jobbe som lærar igjen på eit tidspunkt.

– Ein av grunnane til at eg bestemte meg for å reise no, er at eg nett er ferdig med eit kull på ungdomsskulen, som eg har følgt frå åttande til tiande klasse. Om eg hadde begynt som kontaktlærar for eit nytt kull vill eg nok kjent på at eg burde følge dei gjennom heile ungdomsskulen. Så det var ein slags mental dytt med at eg no var ferdig med kullet mitt, at når eg var ferdig med det så skulle eg prøve noko anna, seier ho.

Les også

Flytta til London for å studere dans – ingen visste om søknaden