Sogndal Fotball og Anders Johannessen Nord (22) har inngått ein ny kontrakt som strekker seg ut sesongen 2023. Det melder Sogndal Fotball sine nettsider.
Med det har klubben sikra seg ein resignering av ein av spelarane som verkeleg har gått gradene i Sogndal. Nord har spelt for Sogndal sidan miniputtnivå, og fekk si første A-lagskontrakt i 2019.
Barndomsklubben
For dei som dreg kjensel på etternamnet, så er 22-åringen sonen til tidlegare Sogndal-spelar Stig Nord. Også morfar hans, Johan Johannesen, har spelt for Sogndal tidlegare.
– Eg er veldig glad for å halde fram karrieren min her i barndomsklubben min, eg har vore her heile livet, seier Anders til nettstaden.
Også Håvard Flo var glad for signaturen.
– Vi er veldig glade for at vi har signert vår tredje avtale, og vi håpar at han vil halde fram med si fine utvikling. Det ligg mykje potensial i denne guten, og vi ser ein positiv progresjon som vi håpar skal materialisere seg i mykje speletid i 2023-sesongen, seier Flo.
Håpar på gjennombrotet
Anders Nord vert sett på som ein spelar med eit høgt toppnivå, og med ein finslepen teknikk. På minussida har 22-åringen vore uheldig med sjukdom og skadar.
– Eg håpar at det er her i Sogndal eg vil få gjennombrotet mitt, det er noko eg har venta på, og med ein god preseason der eg unngår skadeproblematikk, håpar eg at eg får sjansen til å vise meg fram gjennom speletid i kampar, seier Anders.

Årets eldsjel: – Den einaste rolla eg ikkje har hatt er å køyre buss

Sprang 200 km på 24 timar: – Eg stod opp frå dei døde

Gjennomsnittslader: Over 40. Plassering: Sist i nedste divisjon. Sjå heia-filmen norske kjendisar har sendt Fure IL
