Gå til sidens hovedinnhold

Analyserte 201 koronaprøver

Laurdag vart 201 koronaprøver analysert i Helse Førde. 

Av desse var det ingen nye smittetilfelle, melder Helse Førde søndag morgon.

Vidare opplyser helseføretaket at det no er to pasientar som er innlagde med koronasmitte.

Det er venta resultat av fleire koronaprøver i løpet av dagen. Fredag kveld var born og tilsette knytt til smitteutbrotet ved barnehage og skule på Eid, testa for andre gong medan dei er i karantene.

Ein fekk svar på 102 prøver laurdag, men ein ventar framleis på sju, meldte Stad kommune laurdag kveld.

Les også

Testa skule- og barnehageborn for andre gong. No er prøvesvara klare

Kommentarer til denne saken