Gå til sidens hovedinnhold

Analyserte 197 prøvar. Ingen positive

Helse Førde opplyser på sine heimesider at dei onsdag analyserte 197 koronaprøvar. Ingen av dei var positive.

Tysdag vart det oppdaga to positive prøvar. Desse var heimehøyrande i Stryn og Gloppen.

Det siste døgnet er det registrert 460 koronasmitta i Norge. Det er 58 færre enn dagen før, men 98 fleire enn same dag førre veke.

I alt var det ved midnatt natt til torsdag registrert 42.312 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Kom heim på juleferie til Stryn – testa positivt på korona

Ordførar om smitte i Gloppen: – Dette var forventa. Men eg er bekymra for smitte i jula

Noreg har passert 400 koronadødsfall

Kommentarer til denne saken