Det kjem fram i dommen frå Oslo tingrett torsdag.

Stridens kjerne har vore retten til å undersøke for, ta ut og vinne ut mineralet granat på deler av den såkalla «Engebøforekomsten» i Sunnfjord kommune.

Nordic Rutile (NRU) har fått konsesjon på å drive gruve i området, noko AMR har hevda dei ikkje kan få. AMR gjekk difor rettens veg for å fastslå kven som har retten til å drive gruve i område.

LES MEIR HER:

ENGEBØSAKA: Dette treng du å vite

Engebøfjellet er 300 meter høgt og ligg ved Vevring i Sunnfjord kommune. I fjellet er det rike førekomstar av verdifulle mineral, som fleire gruveselskap har freista å sikre seg.

Det kontroversielle i saka er i første rekke det planlagde fjorddeponiet, og den enorme skalaen av dette. Overslag frå 2020 viser ei årleg deponering av 1,3 millionar tonn steinmasse pluss 409.000 tonn prosessvatn. I tillegg kjem kjemikaliar frå produksjonen, mellom anna det miljøfarlege stoffet SIBX.

Det er hovudsakleg to mineral i Engebøfjellet som er ettertrakta:

Rutil er eit mineral som inneheld titandioksid. Dette kan nyttast mellom anna som pigment, altså fargestoff. Titandioksid gir kvitfarge mellom anna til måling, plast og papir. Det har tidlegare vore nytta i næringsmiddel under namnet E171, men i mai 2021 sa EU at E171 var utrygt i mat. Rutilførekomsten i Engebøfjellet vert rekna som landets største.

Granat er eit mineral som er svært tungt og slitesterkt. Det kan nyttast mellom anna som slipemiddel i sandblåsing. Granat har ein kraftig raud farge, og er og nytta som smykkestein. Det er granat som utgjer dei raude prikkane i Eklogitt, Sogn og Fjordane sin «lokale spesialitet».

Tre gruveselskap har meldt seg i kampen om førekomsten i Engebøfjellet:

Nordic Mining (NOM): Børsnotert gruveselskap som driv leiting etter mineral og gruveverksemd. Ivar S. Fossum er dagleg leiar og frontfigur i selskapet medan styreleiar er Kjell Roland. Aksjonærlista er lang, og består av både investeringsselskap og privatpersonar. Dei største eigarane er i skrivande stund bankane Nordnet og Nordea. Selskapet har kontor i Oslo.

Nordic Rutile (NRU): Heileigd dotterselskap av NOM. Det er NRU som skal vere driftsselskapet for gruva på Engebø. Deira prosjekt var først å vinne ut rutil men vart seinare utvida til å inkludere granat. NRU vil ha dagbrot og fjorddeponi av restmassar. Kenneth Nakken Angedal er driftsdirektør for selskapet, som har kontor i Sentrum Sør Førde.

Arctic Mineral Resources (AMR): Vil vinne ut granat, utan dagbrot eller deponi. Tore Viana-Rønningen er dagleg leiar medan Arnold Rørholt er styreleiar. Eigarlista består hovudsakleg av privatpersonar, anten direkte eller via holdingselskap. Mellom desse er selskapsleiinga sjølv, pluss ei rekke grunneigarar kring Engebø. Selskapet har postadresse er hjå styremedlem Veronica Standal i Vevring.

I tillegg til dei lokale kommunane Sunnfjord og Askvoll, er det fleire andre aktørar er med i spelet:

Direktoratet for mineralforvaltning (DMF): Statens fagorgan i mineralsaker. Skal «arbeide for at Norges mineralressursar vert forvalta og utnytta til det beste for samfunnet». Dei deler ut løyve til undersøkingar og utvinningar av mineral og handsamar søknadar om driftskonsesjonar for gruvedrift. DMF er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

Klima- og miljødepartementet (KLD): Forvaltar regjeringa sin klima- og miljøpolitikk.

Miljødirektoratet (MD): Er underlagt KLD, og forvaltar mellom anna utsleppsløyve.

Naturvernforbundet (NNV) og Natur og Ungdom (NU): Desse to miljøvernorganisasjonane frontar motstanden mot gruveplanane. Dei organiserer demonstrasjonar og saman har dei levert fleire klager på løyver og vedtak i prosjektet.

Sunnfjord Industripartner (SIPA): Konsortium av lokale entreprenørar som gjekk saman for å vinne kontraktar i gruveprosjektet.

Engebøsaka har ført til over tusen nyheitsartiklar I Firda. Historia skriv seg minst tilbake til 1997. Då fekk ConocoPhilips-konsernet løyve til å undersøke mineralførekomstane.

– Gruveselskap vil ta ut milliardverdiar, skriv Firda i september 2006. Då er det eit nystarta selskap som vil ha tilgang til rutil i Engebøfjellet, ein førekomst som er verdsett til minst 35 milliardar kroner. Søkaren er Nordic Mining AS, som har overteke rettane til ConocoPhilips.

Produksjonen NOM legg opp til, inneber å knuse steinmassane til eit finkorna pulver for å få ut det titanhaldige materialet. Resten av massane vil dei dumpe i fjorden rett utanfor Engebø.

Ikkje uventa mobiliserer ei rekke miljøorganisasjonar til kamp mot fjorddeponiet. Utsleppsløyvet vert likevel innvilga av KLD i april 2015.

Gruveselskapet AMR kjem på bana i2018, med eit prosjekt dei meiner er meir berekraftig enn NOM sitt, både økonomisk og miljømessig. Dei to prosjekta overlappar kvarandre delvis, og dermed er det duka for konflikt.

I juni 2020 får NRU driftskonsesjon av DMF, altså løyvet som skal til for å drive gruvedrift og dagbrot i sjølve fjellet. Sunnfjord kommunestyre velsigna driftskonsesjonen med eit knapt fleirtal, men med formuleringa at ein skal unngå fjorddeponi.

AMR saksøker NRU i mars 2021. Striden står om det er rutil eller granat som står for den største verdimessige komponenten i Engebø-førekomsten. AMR taper rettssaka i oktober 2021, men får likevel medhald på eitt punkt som kan føre til at NRU må betale erstatning for granaten. AMR ankar dommen og seier saka truleg hamnar i Høgsterett til slutt.

Det blir fleire grøne lys for NOM sitt prosjekt, då Støre-regjeringa gjer det klart at dei ikkje vil trekke løyve som allereie er gitt. I oktober 2021 føreslår regjeringa i staden ein slags deponiskatt. Denne håpar dei vil gjere det uøkonomisk å sleppe restmassar frå gruvedrift i sjøen.

Vinteren 2021blir det to hinder mindre for gruvedrift: KLD avviser klagen frå naturvernarane på at NRU vil endre utsleppsløyvet til å inkludere to tonn årleg av det miljøfarlege stoffet SIBX. Samtidig avviser Sunnfjord kommune klagen frå dei to miljøvernorganisasjonane på at NRU fekk riveløyve til 23 bygningar på Engebø. Denne klagen vert endeleg avvist av Statsforvaltaren ved juletider.

Samtidig kunngjer EFTA sitt tilsynsorgan ESA at dei vil undersøke verknadane av gruveavfallet.

Eigarane bak SIPA med fleire går inn med 132,5 millionar i januar 2022. Pengane skal gå til aksjekapital i NOM. Gruveselskapet seier dei totalt skal hente inn kring 2,2 millliardar kroner i byggefinansiering for Engebøprosjektet.

Kommunestyret innvilgar i februar NRU sin søknad om byggeløyve til industriområde, tilførslevegar og annan infrastruktur på Engebø, som førebuing for gruvedrifta.

Gruveselskapet får to grøne lys frå staten i mai 2022: NFD avviser naturvernarane sine klager på både driftskonsesjonen og utsleppsløyvet. Avgjerda fører til nye lenkeaksjonar, og politiet skriv ut bøter for hundretusenvis av kroner.

Faktaboksen vart sist oppdatert 9 mai 2022 av Bent Are Iversen.