Gå til sidens hovedinnhold

Ampere kom seg ikkje til land – måtte ha hjelp frå anna ferje

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: – Den låg vel ein halvtime på fjorden og så ein halvtime til nær kaia og prøvde å legge til. Då måtte den ha hjelp av MF Oppedal.

Det seier Jens Brekke. Han skulle om bord på 15.00-avgangen på Lavik–Oppedal, då han og dei andre bilistane på Lavik-sida såg at noko var gale.

For MF Ampere sleit med å komme seg til kai, og alle bilane om bord kom seg naturlegvis ikkje av.

Måtte ha hjelp frå MF Oppedal

Etter om lag ein time fekk Ampere lagt til kai, då etter hjelp av MF Oppedal. Då kom også bilane av Ampere, og ferja vart lagt til kai.

Først om bord i MF Oppedal som tok passasjerane og Brekke over til Oppedal-sida, fekk han vite kva som hadde skjedd.

– Billettørane sa at det var problem med styringssystemet, seier Brekke, som ikkje opplevde noko dårleg informasjonsflyt.

Han meiner det var sjølvforklarande at det var problem med ferja, og at folka jobba med å fikse det.

– Alle på land forstod at her var det berre å vente, seier Brekke, som vil gi ros til ferjefolket for korleis dei handterte det.

– Det såg ut som karane som jobba med ferja hadde kontroll. Dei visste kva dei bala med, seier han.

Elektrisk komponent svidde seg

Inge Andre Utåker i Norled fortel til Firda at Ampere er ute av drift.

– Ampere er ute av drift, og Stavanger er flytta til B-ruta. Dermed er det C-ruta som er innstilt, seier Utåker.

Han kan førebels ikkje seie noko om kor lang tid det går før Ampere er operativ att, men seier at ei reserveferje er på veg frå Sunnhordaland. Denne skal vere på plass i god tid før C-ruta startar opp att onsdag kl. 10.00.

– Det var ein elektrisk komponent som svidde seg. Dette gjorde at ferja mista framdrift i den eine enden. Ferja har to heilt like motorsystem, ein i kvar ende, seier Utåker.

Han seier dette er ein feil som dei ikkje har opplevd før, men at det skal late seg gjere å reparere den på staden.

Bilane som var om bord kom seg i land, men ikkje utan vidare:

– Det tok litt tid å legge til kai, mellom anna måtte ein ha hjelp av den andre ferja. Dei brukte ei trosse og vrei den inn i posisjon, seier Utåker.

Kommentarer til denne saken