Gå til sidens hovedinnhold

Alternativ trafikkplan – det Førde sentrum treng

Artikkelen er over 2 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Endeleg er dei mange fornuftige forslaga, som har vore reiste fleire gonger utan å bli tekne på alvor, samla i ein plan.

Dei tre «aktivistane» gjennom mange år, skal ha mykje ros for denne planen som er god. Dei har også det som skal til for å nå gjennom: Folkevit, politisk og fagleg erfaring, og ikkje minst mot til å fullføre. Og så er tidspunktet riktig. Det er ikkje for seint! No må folk seie frå.

Det alternative planforslaget er enkelt og oversiktleg, men har likevel i seg det som Førde sentrum treng, vern av det spesielle og livgjevande, samtidig som framtidige krav kan supplere planen, vi er ikkje låste for framtidige løysingar.

Eg vil spesielt vise til nokre av dei verdfulle punkta i planen: Vern av det som er att av naturmiljøet i Løken/Indre Øyrane, det rolege og støyfrie miljøet rundt Helsetunet i Langebruvegen, Fjellvegen, arealet ved Førdehuset, og potensialet i Sentrum sør.
Løysinga av parkeringsutfordringa ved å velje hallar i fjellet og gangbru for lett tilkomst til Senter nord og Øyrane, må vere ein fulltreffar for alle. Det same er tunnelen på E-39.

Eg stiller meg 100 % bak den alternative planen og viser også til at alt dette går fint saman med den nemnde tunnelen mellom Kletten og Sjukehusområdet. Sjølvsagt må det også vere gangbru frå Idrettsparken til Sjukehuset der alt ligg til rette, om vi brukar sunn fornuft.

Då står det berre igjen å bestemme seg for tilkomst til alle bustadtomtene i Førdslia, der folk som vil bu i Førde kan velje mellom solrike, rassikre tomter. Lukke til!

Kommentarer til denne saken