Gå til sidens hovedinnhold

Alta-dimensjonar over vindkrafta 

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Utan å legge ned eit einaste nyttig dagsverk, reknar OBOS med å sanke inn 700 millionar kroner på sal av 16 småkraftverk i Vestland til eit sveitsisk finansselskap. OBOS er det største bustadbyggjelaget i landet. Selskapet vart starta for å hjelpe folk til rimelege husvære i Oslo, og har utvida si verksemd på fleire felt, no også rein spekulasjon.

Mange grunneigarar søkte utbyggingsløyve då småkraftiveren var på topp. Så viste det seg at kostnadene vart for store til å gjennomføre tiltaka på eige ansvar. OBOS kunne, og dei hadde laga seg ein reklame om at dei ville ha fornyeleg vasskraft til å drive sine eigne bygningar. Så gjekk det nokre få år, og tanken på 700 millionar kroner bles vekk heile innhaldet i klimapratet.

OBOS har kanskje lært av vindkraftselskapa. Den bransjen veit at å selje ferdige utbyggingsløyve er milliardbutikk. Dei held innbyggjarar og politikarar med godt snakk om inntekter til lokalsamfunna, fleire arbeidsplassar – og at deira vindvengjer vil berge kloden frå oppheting. Ingen har sett noko til desse resultata. Men Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve løyve med dei same orda som i skrytet frå selskapa. I Stortinget rår framleis ei oppglødd øsing over den evna vinden over Noreg har til å blåse vekk det som mange kallar det største problemet i heile verda. Så får nokre får lov til å forsarve svære landskap og tene store pengar på å selje liket.

Lenge var våre politikarar – lokalt og nasjonalt – med på galeien. Eit vendepunkt lokalt kom i fjor med store folkelege protestar mot konkrete utbyggingssaker og mot eit utkast til nasjonal rammeplan for vindkraft. Folk har fått store plager av støyen. Gjennom dogg på auga ser dei smadra heimelandskap og ein skog av dei mest effektive drapsmaskinene som finst for fugl. Ordførarar og kommunestyre forsvarer med kløkt og kraft sine borgarar mot det griske skadeverket. Dei finn seg ikkje i at selskapa tener grovt på å kveste natur og å pine menneske.

Men på Stortinget, i regjeringa og i nokre store aviser heng den gamle dogmatikken igjen. Dogmatikk treng som kjent ikkje argument. Ein kommentator i Dagbladet hevda at vindkraftmotstanden er farleg for samfunnet. Ein stortingsrepresentant for SV ville ha PST (sikringstenesta i politiet) til å vakte på dei som protesterer. Ingen brydde seg om kven som har utløyst reaksjonane. Dei som har gjort vindkraftindustrien til den mest nedbrytande krafta i vårt land for tida – for landskap, menneske og livet i naturen.

Dei styrande held på å gjere vindkrafta til ei ny Alta-sak, med ein skilnad – motstanden er no spreidd over heile landet. Kampen står med mange frontar. Og argumenta for raseringa heng veike og vinglete som ospelauv.


Kommentarer til denne saken