Gå til sidens hovedinnhold

Alt håp er ute. Florø har rykka ned

Florø tapte 3–1 på gamle ærverdige Melløs stadion laurdag. Det betyr at det blir spel i 3. divisjon neste år.

FIRDAPOSTEN: I praksis rykka Florø ned då dei tapte heime mot Brattvåg sist helg. Målskilnaden deira var så mykje dårlegare enn dei andre laga i botn av tabellen at ein nok måtte tru på både julenissen, voodoo og svart magi for å ha eit håp om at det skulle bli ny kontrakt i PostNord-ligaen.

Symbolsk nok gjekk kampen mot Brattvåg på dagen fem år etter den legendariske opprykkskampen i 2016.

Laurdag tapte eit energilaust Florø 3–1 mot Moss på Melløs stadion. No kan verken Voldemort, Sauron eller Tengel den vonde forhindre at Florø skal spele i Norsk Tipping-ligaen, fjerde nivå i norsk fotball, i 2022.

Der skal dei sannsynlegvis møte Førde som vann den første seriefinalen mot Eid med 3–0. Returkampen heime i Førde blir sannsynlegvis berre ein formalitet. Det betyr at det luktar 3. divisjon både i Førde og i Florø i haust, men det luktar nok atskilleg betre i Førde.

I Moss prøvde Florø å ta tak i kampen frå starten av. Dei kom best i gang, og hadde mykje ball, utan å skape noko særleg av sjansar. Moss var giftigare når dei kom seg i nærleiken av Florø-målet, og etter 29 minutt sette Walid Idrissi den første spikaren i kista.

2–0 kom etter 61 minutt. Leonard Getz var målscorar. Innbytar Magnus Fagernes la på til 3–0 etter 79 minutt.

Trøystemålet til Florø var eit godt skot av George Gibson etter 83 minutt, men det var for lite, for seint. Florø har rykka ned, saman med Senja som også kunne kaste alle kladdebøkene med teoretiske moglegheiter ut av vindauget då dei tapte 2–0 mot Bærum.

Med 3–1 rydda Moss all tvil av vegen. Det gamle storlaget som blei seriemeister i Norge i 1987 med Nils Arne Eggen som trenar kan ikkje lenger rykke ned.

Sannsynlegvis blir Fløya det tredje laget som går ned, men der er det framleis mogleg å telje poeng på ein slik måte at dei snik seg opp på 11.-plass, føre Vålerenga 2.

Florø får ein tung tur heim igjen over fjellet, og må no starte planlegginga av korleis dei skal rigge seg for eit liv utanfor den norske toppfotballen. Fotballeventyret er over for denne gang.

Kommentarer til denne saken