Dette skisenteret må fjerne snø

Slik såg det ut på Utvikfjellet klokka ni i kveld.

Slik såg det ut på Utvikfjellet klokka ni i kveld. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

- Hadde aldri trudd eg skulle oppleve dette

DEL

– Berre i løpet av dei to siste dagane, har vi fått meir snø enn det vi har hatt dei to siste åra til saman, seier Vegar Sårheim.

Jobba med å fjerne snøen

Seint laurdag kveld jobba han saman med løype-mannskapet i Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet på spreng for å fjerne snøen under skiheisene.

– Vi har størst utfordringar under heisene, då det av sikkerheits-grunnar må vere to meter klaring til tilbringarane. Så vi må skufle vekk store mengder med snø, seier Sårheim på telefon frå trakkemaskina i anlegget som ligg på grensa mellom Gloppen og Stryn kommune.

Trur på fin jul

– Vi har fått omtrent 1,5 meter snø i løpet av kort tid. Og meldingane fram til jul er at det skal komme mykje meir. Så maktar vi å fordele dette utover, så går vi ei fantastisk romjul i møte, seier Sårheim og ser det humoristiske i at skisenteret faktisk må fjerne snø.

– Ja, dette hadde eg aldri trudd at eg skulle oppleve. Men det betyr berre at brukarane verkeleg kan glede seg til fantastiske dagar i løypene, og ikkje minst kan boltre seg i dei enorme mengdene med laussnø, seier Sårheim om anlegget som startar på 600 meters høgde.

Artikkeltags