Alle vidaregåande skular i Vestland blir stengde

–  Vi stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusere vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

DEL

Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars. Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halde opp den faglege progresjonen til elevane.

Det kjem fram i ei pressemelding torsdag føremiddag.

Også fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde.

– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier fylkesrådmannen.

Det blir meldt at elevane framleis vil få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halde oppe.

Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattformen It’s learning.

Sjølv om skulane blir stengde, skal alle tilsette møte opp som vanleg.

Tilsett har fått koronavirus – kring 20 tilsette på Leikanger i karantene

Artikkeltags