Alle NRK-tilsette som vart testa tysdag fekk negative prøvesvar

39 av dei 41 NRK-tilsette har fått svar på koronatesten sin.

DEL

Det seier distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland onsdag kveld. I sjutida hadde 38 av dei 41 testa fått svar på prøven sin.

Testinga skjedde etter at kollega nummer to på huset fekk påvist korona. Også gjestar som hadde vore innom studio i førre veke vart råda om å teste seg.

NRK-huset i Førde er no vaska ned to gongar og behandla med langtidsverkande desinfeksjonsmiddel, som drep viruset om det skulle kome på behandla flater dei neste to vekene.

Bilar og flater i garasjebygga har også blitt vaska.

Torsdag håpar Buanes at dei siste prøvesvara vil vere klare. Årsaka til at desse let vente på seg er postgang.

– Desse tre bur ikkje i Førde, men vi føler oss ganske trygge på at også desse testane er negative, seier ho.

SISTE: I 21-tida opplyser Buanes at alle dei tilsette i Førde har fått svar på prøvane sine. Alle er negative.

Dei to siste prøvane tilhøyrer ikkje tilsette i Førde. Svara på dei er venta torsdag.

Artikkeltags