Alle landets skular og barnehagar blir stengde

Les tiltaka regjeringa innfører frå i dag under.

DEL

Alle barnehagar, skular, høgskular og universitet blir stengde. Det melder Erna Solberg på pressekonferansen klokka 14.

Det er eitt av tiltaka regjeringa kjem med torsdag for å hindre spreiing av virus.

Klokka 14 møtte statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie pressa for å legge fram nye tiltak.

– Dette er dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Norge i fredstid, seier Solberg.

Tiltaka gjeld frå klokka i dag 12. mars klokka 18 til 26. mars 2020.

Stenger alle barnehagar og skular

Barnehagar, barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, universitet og høgskular og andre utdanningsinstitusjonar blir stengde.

– Lærarar, barnehagar og rektorar må sørge for eit tilbod til personale frå helse- og omsorgssektoren, og andre som er definert som kritisk personell, seier Høie.

Det gjeld også barn med særskilde omsorgsbehov som ikkje kan bli varetatt når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

Kritiske grupper gjeld:

Styring og kriseleiing, forsvar, lov og orden, helse og omsorg, redningsteneste, IKT-sikkerheit i sivil sektor, natur og miljø, forsyningssikkerheit, vatn og avløp, finansielle tenester, kraftforsyning, elektroniske kommunikasjonstenester, transport, satellittbaserte tenester og apoteka.

Butikkar held ope som normalt

Det er gjort vedtak om forbod mot og stenging av kulturarrangement, idrettsarrangement inne og ute, symjehallar, badeland og liknande, treningssenter og verksemder som tilbyr frisør, hudpleie, massasje, kroppspleie og tatovering.

Alle verksemder i serveringsbransjen, med unntak av der det er matservering som kantiner og serveringsplassar der det kan bli tilrettelagt for at besøkande kan halde minst ein meters avstand. Servering av mat skal ikkje skje som buffé. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.

– Når det gjeld varehandel vil daglegvarebutikkane halde ope, så det er ingen grunn til å hamstre mat, seier Høie.

Helsepersonell får ikkje reise utanlands

Det blir innført restriksjonar for besøkande på alle helseinstitusjonar i landet. Det blir åtgangskontroll for å vareta smittevern her. Personar som har risiko for å vere smitta skal bli avvist frå alle helseinstitusjonar. Helsedirektoratet vil gi råd til helsetenesta om dette.

Helsepersonell som jobbar med behandling av pasientar får heller ikkje reise utanlands for å sikre at Norge har helsepersonell tilgjengeleg. Det gjeld både teneste- og privatreiser. Kostnadar blir kompensert, skriv Helsedirektoratet. Det gjeld førebels ut april 2020.

Alle som kjem frå reiser må i heimekarantene

Transportsektoren blir drifta som normalt, men samtidig oppfordrar han folk til å unngå offentleg transport viss du kan.

Dei oppfordrar til å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige, både innanlands og utanlands, og at ein unngår stadar der du lett kjem nær andre.

Alle som kjem frå reiser utanfrå Norden, skal i heimekarantene i 14 dagar – uavhengig av om ein har symptom eller ikkje. Det har tilbakeverkande kraft til 27. februar. Viss du kom heim frå eit land utanfor Norden 9. mars, gjeld karantena frå då.

– Dette er veldig inngripande tiltak, seier Erna Solberg og held fram:

– Ikkje hamstre. Ikkje lag panikkstatus rundt dette. Butikkane kjem til å halde ope.

Artikkeltags