NETTAVISEN: Det har no dukka opp ein ny BankID-app på Apple sin appbutikk. Etter kvart må alle dagens Apple-brukarar bytte ut den appen dei i dag nyttar, melder Tek.
Årsaka er at selskapet bak tenesta fram til i fjor var ein del av same selskap som Vipps, men no er skilt ut i eit eige selskap.
– Endringa skal vere så saumlaus som mogleg for brukarane våre. Prosessen er automatisert slik at informasjonen blir overført frå gammal til ny app, og du kan bruke den gamle appen til å aktivere den nye. Du vil få beskjed direkte i appen, der du vil sjå ein knapp som tar deg direkte til den nye appen. Det heile tar berre eit par minutt, fortel Hege Steinsland, kommunikasjonssjef hos BankID til nettstaden.
Du kan allereie no laste ned den nye appen, og bytte, men ifølge BankID er det ikkje nødvendig å gjere noko som helst før ein får beskjed frå appen på eit seinare tidspunkt.
– Alle med iPhone og iPad vil få beskjed via BankID-appen når det er din tur å laste ned den nye appen, forklarer Hege Steinsland, kommunikasjonssjef hos BankID til Tek.no.
Bytte av app skal ikkje vere nødvendig for Android-brukarar.
Aggressiv katt var neppe på friarferd

Vestland får klimavenlege hurtigbåtar innan 2026
