Alle Helse Førde-tilsette er ute av karantene

DEL

Heilt sidan koronautbrotet har Helse Førde hatt tilsette som har vore i karantene eller vore sjukmelde på grunn av korona. Det har dei ikkje lenger. No er alle ute av karantene. Helse Førde har om lag 3000 tilsette, og berre to av dei har hatt COVID-19-diagnose.

Det er framleis ein person innlagt på sjukehuset med stadfesta COVID-19. Ingen er innlagde til intensivbehandling.

Totalt har det vore 50 registrerte COVID-19 tilfelle i Helse Førde sitt område. Alle desse er no friskmelde.

Det siste døgnet har 22 prøvar blitt analyserte. Alle var negative.

Artikkeltags