FIRDAPOSTEN: Alex Vassbotten, fødd i 1962, går av som dagleg leiar og vil jobbe vidare med utvikling i konsernet, og som dagleg leiar på Steinvik Rensefisk. Det melder Steinvik i ei pressemelding. Spesielt vil utbygging av nytt storsmolt-anlegg i Svelgen ta mykje av tida hans framover.

Alex Vassbotten har vore dagleg leiar sidan oppstarten av Steinvik Fiskefarm i 1986. Steinvik Fiskefarm har seks konsesjonar i Askvoll og Flora, og eit visningssenter på Steinvik. Konsernet Steinvik har Barlindbotn Settefisk (to millionar smolt), og Steinvik Rensefisk som produserer rognkjeks i Svelgen (3,3 millionar fisk). Her er det og sett i gang bygging av nytt storsmolt anlegg som skal vere ferdig hausten 2020.

Erlend Vassbotten (29) som no tek over, har ein bachelor i økonomi frå BI i Oslo, og ein bachelor i Havbruksdrift og leiing frå Bodø. Han har vore tilsett i Lerøy Sjøtroll sidan 2013, der han har hatt stilling som lokalitetsleiar og biologisk kontroller sidan 2015.

Inge Vassbotten er styreformann i konsernet, og no blir det tre generasjonar som skal ta konsernet inn i framtida.

Les også

– Alle ventar at vi skal ta over