Fekk 190 makrellstørjer i eitt kast

BLID KAR: Jostein Hillersøy med ei av makrellstørjene

BLID KAR: Jostein Hillersøy med ei av makrellstørjene Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fangsten verd minst 4 millionar kroner.

DEL

To år etter at Tore Hillersøy første gong la ut på makrellstørjejakt, gjorde han endeleg det store varpet:

- I natt, nordvest av Harøyfalla på Møre, utanfor Steinshamn, nordvest av Ålesund, tok vi 190 makrellstørjer i eitt kast, fortel skippar Tore Hillersøy på "Hillersøy".

Verdifull fisk

Makrellstørje, eller atlantic bluefin tuna, som den heiter på engelsk, er eitt av dei fiskeslaga i verda som det blir betalt mest for. Rekordnoteringa ligg på rundt 5000 kroner kiloen, då ei makrellstørje på 222 kilo vart selt for ti millionar kroner på ein auksjon i Tokyo i 2013. 

Men då fiskebåten "Hovden Viking" i fjor tok 21 makrellstørjer, var det ikkje snakk om dei prisane.

- Fiskarane vil sitje att med 100-200 kroner kiloen, sa dagleg leiar Steven Jensen ved Snorre Seafood på Raudeberg til Sunnmørsposten den gongen.

- I lasterommet vårt ligg det no 190 makrellstørjer. Eg tippar snittvekta er rundt 220 kilo, seier Hillersøy, som er på veg til Florø for å levere fangsten. 

Fisk for fire millionar

- Vi har brukt ein halv million kroner. Eg kan ikkje halde på med denne toskeskapen lenger, sa Hillersøy til BT etter prøvefisket i 2014. I natt betalte innsatsen seg. 100 gonger 220 gonger 190 = 4,2 millionar kroner, for dei som ikkje har ein kalkulator om hende.

- Der er dei som er oppe i 300 kilo, men der er og dei som er ned mot 170, seier ein noko sleten fiskeskippar.

- Vi har halde på i heile natt og sløgd på dei. det er eit voldsomt arbeid å sløye dei store fiskane, skal eg seie deg.

- Du heldt på i seks veker for to år sidan utan å få noko, men no slo det til. Korleis fann de dei?

- Dei var desperate

- Vi såg dei, rett og slett. Dei spelte i vassflata, dei var ikkje vanskelege å sjå, seier Hillersøy, som fortel at makrellstørjene var midt i ei større etegilde då dei dei fann dei.

- Dei åt på spir, som vi kallar det, 8-10 cm store makrell. Og dei fans det i enorme mengder. Men det var ikkje så enkelt likevel. Dei var heilt desperate. Vi har gått og jaga på dei i fem dagar no, og kasta, og bomma, og halde på. Men så i går kveld, fann vi på noko, men det vil eg ikkje fortelje deg om, for då er du ein konkurrent med ein gong.

- Og så sat det?

- Ja, dette var vel eit brukbart kast. Eg kan vel hugse at eg var med og fekk 200 i eit kast ein gong, for 35 år sidan. Så dette her, det må vi vel seie at det var vel ikkje så verst.

Artikkeltags