Han er oppvaksen på gard på Breim, fotograf og gründer innan same fag, Per Svein Reed (70). Men også seinare i livet skulle han prøve seg ytterlegare innan landbruket.

Breimingar med cowboyhattar er noko ein i alle fall éin gong i året ser på countryfestival, men foto-gründeren jobba faktisk ein periode som cowboy på ein sau- og kvegfarm på New Zealand. Ein farm noko større enn på Breim, nærare bestemt hadde den 2500 sauer og 800 kveg.

Ei av historiene du kan høyre i denne vekas podkast er om då Reed skulle opp på jobb på hesteryggen for første gong – og det attpåtil i 12 timar i strekk.

– Eg har aldri fått så mykje juling som eg fekk då, for når vi gjette sauer så var det traktor og motorsykkel, mens då vi heldt på med kveg, var det hest vi brukte.

Korleis det gjekk då breimingen skulle sette i gallopp etter ei gruppe kveg på rømmen, kan du høyre i denne vekas Go' Knall-podkast. Den ser du i videovindauget øvst i saka.

Les også

Her kan du sjå alle podkastane