Gå til sidens hovedinnhold

Aksjon mot ulovleg fiske: – Deprimerande resultat

Berre rundt eitt av seks kontrollerte reiskap var i samsvar med regelverket under ein fellesaksjon mot ulovleg fiske på Vestlandskysten i midten av juli.

(FIRDAPOSTEN): Totalt vart det beslaglagt 348 ulike reiskapar i aksjonen som var eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Statens Naturoppsyn og Politiet. Fiskeridirektoratet kontrollerte i alt 148 reiskapar og berre 26 av desse var i samsvar med regelverket.

– Dette er ille. Mange av teinene vi beslaglegg har feil fluktopning, feilmontert bomullstråd som skal opne teinene viss dei går tapt, eller dei er mangelfullt merka, seier inspektør Narve Leonhardsen i Fiskeridirektoratets Sjøteneste.

Etter at beslaga var talde opp og overlevert politiet, gjekk Fiskeridirektoratets oppsynsfartøy «Eir» ein liten tur i området vest for Flesland flyplass mellom Bergen og Sotra onsdag 21. juli. Resultatet frå den korte og tilfeldige turen blei beslag av 38 nye ulovlege teiner.

– Det er ikkje spesielt vanskeleg å finne ulovleg reiskap, seier Leonhardsen.

Når reiskapar blir mista eller etterlatne i sjøen og blir ståande og fiske til ingen nytte, fører det til dyremishandling og seigpining av fisk og skaldyr. Feilmontert bomullstråd og feilmontert rømmingshol er feil som ofte går igjen.

– Mange ser ikkje ut til å vere klar over korleis bomullstråden skal monterast, eller dei veit ikkje at rømmingshol og fluktopning ikkje er det same. Bomullstråden vil rotne etter ei tid og skal sørge for at teina opnar seg viss den går tapt, mens fluktopning skal sørge for at krabbe og hummar under minstemålet kan komme seg ut frå teina, seier inspektør Rudi Iden frå Fiskeridirektoratet region Vest.

Fiskeridirektoratet har ein eigen Youtube-kanal og her er det mellom anna ein animasjonsfilm som viser korleis bomullstråd skal monterast i teiner. Bomullstråd er påbode i teiner som blir brukt til å fange krabbe, hummar og leppefisk.

Resultatet frå denne og liknande aksjonar viser at kontrollbehovet er enormt, og at det trengst ei haldningsendring hos svært mange som fiskar. Fiskeridirektoratets tre fartøy vil alle vere operative og kontrollere reiskap i heile Sør-Noreg i tida framover. I tillegg vil også Kystvakten, Statens Naturoppsyn og Politiet vere ute på sjøen og kontrollere.

Vi ligg landstoppen for beslag av laksegarn. Seinast torsdag kveld tok Einar eitt med seg frå Brufjorden

Nye krav til krabbeteiner ut på høyring

407 politimeldingar etter kontroll av ulovleg fiske

Kommentarer til denne saken