Akor ute i minst tre månadar med ryggskade

UTE MED SKADE: Akor Adams vil vere ute i minst tre veker på grunn av ryggskade.

UTE MED SKADE: Akor Adams vil vere ute i minst tre veker på grunn av ryggskade. Foto:

– Vi mister ein viktig spelar, seier trenar Eirik Bakke.

DEL

Det er Sogndal Fotballklubb som sjølv skriv om skaden på si heimeside.

Akor Adams har fått ein ryggskade som gjer at han må vere ute i minst tre månadar. Han har hatt ryggplager ei stund no, og ei MR-undersøking viste ein skade dei måtte ta omsyn til.

– Dette er jo kjedeleg både for meg og for gruppa, men det er bra at vi fann ut kva som var gale tidleg, seier Akor Adams til Sogndal fotball.

Også trenar Eirik Bakke synest dette var kjedeleg.

– Vi mister ein viktig spelar. Han har spelt alt av kampar i oppkøyringa til sesongen, dette skulle vere året hans. No skal vi ta godt vare på han og sørge for at han får god hjelp med å bli frisk. Og så håpar eg at han får bli med og bidreg mot slutten av sesongen, seier trenaren.

Artikkeltags