På nyttårsaftan hadde dei vore i fjøsen ein tur, matfar Vemund Grimelid frå Yndestad i Stongfjorden og den seks månader gamle border collien Bella. Men då Bella skulle gå ut av bilen, gjekk det veldig gale.

– Eg skulle nett ta ho ut av bilen, men akkurat då ho landa på bakken small fyrverkeriet. Eg har byrja tilvende ho til fyrverkeri, ved å ta ho med på skytebane og på jakt, men fyrverkeriet laga sinnssjukt høge hyl som ikkje ho var vand til. Så då skaut ho av garde, og det var det siste vi såg til ho, seier Grimelid til Firda måndag kveld etter endå ein dag med leiting.

Over to dagar med leiting

Han heldt på å leite etter Bella til midt på natta nyttårsaftan, og heile søndag gjekk med på leiting.

– Så har vi halde på å leite i fjellet i heile dag, vi har gått i alle fjellsidene her på nordsida av Stongfjorden, seier Vemund men legg til:

– Men vi er utruleg heldige, for folk har gått med meg. Vi har vore fem-seks som har gått og leita i dag, og folk har køyrd og sett etter ho, seier Vemund.

...Så ringde telefonen

Men så, litt før klokka 20.30 måndagskvelden – under ein time etter at Firda først publiserte denne artikkelen – ringde telefonen til Vemund.

– No ringde nett han som køyrer bussen, ein nabo av meg. Bella hadde komme springande framføre bussen hans på Osland, seier ein overlykkeleg Vemund som heiv seg i bilen og køyrde for å hente kvelpen.

– Og så glad som ho var! Dette er det beste som har skjedd, seier Vemund og legg til at Bella verka vere i fin form trass den to dagar og vel fire kilometer lange turen ho hadde vore ute på.

– No ligg ho på rygg og kosar seg, det verkar som om ho er veldig glad for å kome heim, seier han.