SOGN AVIS: For det første hoppa den ukjende, kanskje ville katten, opp på låret til mannen, men var aldri oppe i ansiktet hans. Så det han sa til politiet, men meiner dei ikkje har fått skikkeleg med seg, er at han var redd denne katten skulle hoppe opp i ansiktet hans og klore – utan at den gjorde det på noko tidspunkt.
Den andre misforståinga er dette med at den aggressive katten var på friarferd, noko fleire medium melde – moglegvis fordi det vart sagt at denne katten var «ute etter» innringjaren sin katt. Men så forklarar mannen i e-posten til Sogn Avis at hans katt er ein eldre, kastrert hannkatt. Så om den ukjende, aggressive katten – som truleg var ein ukastrert hannkatt – var på friarferd, kan vi vel seie det er oppsiktsvekkande. Meir truleg var vel då den ukjende katten «ute etter» den kastrerte katten i form av å bølle seg.