– Eg ser på Abid Raja som ein betre stemmesankar enn Sveinung Rotevatn. Derfor må Venstre velje Abid Raja som ny partileiar, seier lokallagsleiar i Fjaler kommune i Sunnfjord, Roar Gustavsen, til Bergens Tidende.
Fjaler er ein av dei største Venstre-kommunane i landet, og 20,4 prosent av veljarane her stemde på partiet ved valet i 2019. I tillegg til Fjaler støttar òg lokallagsleiaren i Kinn kommune Raja, ifølgje ei undersøking gjennomført av BT.
Sveinung Rotevatn kjem sjølv frå kommunen i landet med høgast Venstre-oppslutning, Stad, som ligg Nordfjord. Men heller ikkje her er lokallagsleiar Jon Frogner open i si støtte.
– Eg har ikkje tenkt å svare, seier han på spørsmål om kven han føretrekkjer av Abid Raja og Sveinung Rotevatn.
Rotevatn seier til avisa at han ikkje tek det så tungt at nokre partifellar i Sogn og Fjordane støttar Raja.
– Eg opplever at eg har brei støtte, seier han.
(©NPK)