Klassekampen har spurt statsråden direkte om dette.

– Vi ønskjer å ha kommunane med oss på laget, og derfor vil vi sikre at meir av verdiane som blir skapte av vindkraft, hamnar i kommunane. Vi vil rett og slett at kommunane skal sitje igjen med meir, seier Aasland.

På ny stilt spørsmålet om kommunane får absolutt veto mot vindkraft, seier han dette:

– Vi vil ikkje at vindkraft skal vere uønskt. Vi vil ikkje køyre over kommunane i desse sakene, og den nye produksjonsavgifta er det viktigaste grepet for å få til det. Vi ønskjer å motivere kommunane på ein best mogleg måte og at dei skal vere positive til vindkraft.

Blir teke opp etter tre år

Aasland la fredag fram hovudpunkt frå tillegget til energimeldinga. Mellom anna vil regjeringa be Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) om å ta opp igjen konsesjonsbehandling av vindkraft på land etter ein tre år lang pause.

– Men det må skje med viljen til kommunane. Eg trur vi får med oss mange kommunar på det, sa olje- og energiministeren førre veke.

Fortgang med havvind

Ifølgje framlegginga fredag jobbar regjeringa òg for å få fortgang i prosessane med havvind. Dei første prosjekta kan vere i drift før 2030, ifølgje olje- og energiministeren.

I dag tek ordinær konsesjonsbehandling åtte–ni år, men regjeringa vil at det skal skje raskare. Den vil starte grunnundersøkingar og miljøkartlegging, såframt det er støtte i Stortinget.