Han kom med uttalen i Politisk kvarter på NRK onsdag morgon.
Der vart olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) konfrontert med løftet sitt om at «no går vi ein tryggare vinter i møte» og vidareformidlinga si av ein spådom om lågare straumprisar.
– No går vi ein tryggare vinter i møte. Gjennom sommaren og hausten har eg bede kraftprodusentane spare på vatnet. No er fyllingsgrada i sørlege Noreg på over 80 prosent, skreiv Aasland på Facebook 16. november i år.
Han siterte ein analytikar som meinte straumprisane ville liggje på rundt 2 kroner per kilowattime i vintermånadene. Slik gjekk det ikkje.
Få dagar før jul er straumprisane endå ein gong rekordhøge, og på det høgaste onsdag er prisen per kilowattime på 7,50 kroner, inkludert avgifter.
Mykje uvisse – ingen enkle løysingar
– Dette fortel oss at det er uvisse i energimarknadene, og at prisane varierer veldig mykje, seier Terje Aasland no.
– Eg forstår at situasjonen er krevjande, og derfor er vi heldige som har den straumstøtteordninga vi har, heldt energiministeren fram.
Han forsikra at straumstøtteordninga blir vidareført heile neste år og så lenge det er behov.
Aasland vil ikkje vere med på å frikople den norske straumprisen frå europeiske straumprisar.
– Det er ingen kvikkfiks i å frikople frå europeiske prisar. Vi har eit samansett system som vi må handtere med varsemd. Så må vi vere sikre på at når vi gjennomfører tiltak, at dei faktisk verkar, at dei betrar forsyningstryggleiken, og at vi får ned prisane. Det er ingen enkle løysingar. Vi vil vurdere prisdanninga og om det er ting vi kan gjere for å regulere som gjer at vi får meir stabilitet og meir føreseielegheit i prisane.
– Har ikkje mangel på straum
Raudts Mímir Kristjánsson peika i debatten på at folk i Noreg ikkje klarer dagens høge straumprisar i tre–fire månader til.
– Folk som er lågtlønte, trygda, minstepensjonistar, klarer ikkje dagens prisar. Då kan vi ikkje seie at vi kuttar elavgifta med 7–8 øre. Det er ingenting. Folk er ikkje dummare enn at dei ikkje les sine eigne straumrekningar, seier Kristjánsson.
Han meiner vi ikkje har straummangel i Noreg.
– Problemet er at vi sel straumen frå offentleg eigde kraftselskap enormt mykje dyrare enn det kostar å produsere han. Straumen blir seld til eigarane, folket, til ein margin på opp mot 1000 prosent.
– Spådommen min er at på eitt eller anna tidspunkt kjem straumprisen i kroner til å ta igjen Arbeidarpartiets oppslutning i prosent om ikkje dette løyser seg, raljerte Raudt-politikaren.
Styringsmekanisme
Aasland varsla i debatten at ein ny styringsmekanisme, som skal avgrense eksport av straum frå Noreg, mellom anna ved låge magasinnivå, vil vere klar på nyåret.
– Den kjem no på nyåret. Vi er i ferd med å konkludere. Ordninga vil vere viktig i tida framover fordi vi får meir og meir uregulerbar kraft inn i det norske kraftsystemet. Vi må ta vare på vasskrafta som kan bidra med effekt og kan halde oppe kraftforsyninga når det ikkje blæs.
(©NPK)