Dei som følgjer rådet frå Andreas T. Aasheim i NORWEA og les NVE-rapporten om eksport av vindkraft, vil oppdage noko anna enn det Aasheim fortel 24.10. NORWEA er ein interesse- og lobbyorganisasjon for vindkraft.

Rapporten frå NVE er fortel ikkje kva som er faktiske røynsler med vindkraft og nedgang i utslepp av karbondioksid som resultat av turbinane. NVE skriv kva dei trur vil hende med utsleppa, ut frå ein modell dei har brukt til sitt reknestykke. Altså kva dei held for mest sannsynleg. Avgjerande for utfallet er prisen på norsk vindkraft samanlikna med prisen på straum frå gass og kol. Norsk vindkraft kan redusere utsleppa frå kraftsektoren i Nord-Europa, står der, før NVE gjer greie for ein del vilkår som må vere til stades for at modellresultata skal slå til. Ingen veit på førehand om røyndommen vil oppfylle desse vilkåra. Det er nok av døme på at slike modellar har bomma mykje på den framtida som kjem etterpå.

Ein slik modell vil aldri gje dekning for det Aasheim skriv, at NVE «har ettertrykkelig slått fast at norsk vindkraft kutter store mengder klimagassutslipp». Svaret veit vi først når vi har sett kva som vert resultatet i praksis. Tysk vindkraft har utretta lite, sjølv med nesten 30 000 turbinar.

Vindkraft kutter klimagassutslipp!

Les også

Stopp raseringa av Stad!

Les også

Lutelandet kan frigjøres – med et mirakel fra Sandane!